A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Årdal bibliotek - arrangement i april

Måndag 13. april klokka 12.30 i Årdal kulturhus:

Lunsjteater med "Herr Kurz og damene"

Teaterstykket handlar om forfattaren og kunstmålaren Karl Friedrich Kurz, som budde i Askvoll det meste av sitt vaksne liv. Kurz skreiv ei rekkje bøker og var ein anerkjend og svært populær forfattar i det tyske språkområdet. Bøkene hans er ofte prega av inntrykka frå den norske landskapet og bygdemiljøet.
Det er Aldateateret som står for framsyninga. Alle rollene vert spelt av Idun Losnegård og Kyrre Eikaas Ottersen. Rolf Losnegård har skrive manus. Stykket fekk svært gode kritikkar då det hadde premiere våren 2014. Mellom anna skriv Firdaposten: ”Teaterstykket er ei gåsehud framkallande, lita perle.”
I førekant av stykket vert det servert ein enkel lunsj.

Inngang: 100,- kroner, inkl. lunsj.

Påmelding/kjøp av billett til Årdal bibliotek innan fredag 10. april:

Tlf.: 469 15 647

E-post: bibliotek@ardal.kommune.no

 

Torsdag 23. april klokka 19.30 i Utla kafé:

Marta Norheim om samtidsromanen i Noreg.


Marta Norheim er ein kjend journalist og litteraturkritikar i NRK. Ho har jobba som litteraturkritikar i NRK P2 sidan 1990. Ho har og vore programleiar for TV-programmet ”Kulturoperatørene”, og har medvirka i TV-program som ”Askeladden”, ”Kritikertorget” og ”Boktilsynet”. I 2002 fekk ho ”Kritikarprisen” i kategorien ”Årets kritiker”. I 2012 fekk ho språkrådets pris for ”fremragende nynorsk”.
Norheim er ein av våre fremste tolkarar og formidlarar av norsk samtidslitteratur. 

Sjølve arrangementet er gratis.
Vert høve til å kjøpe tapastallerken (kr. 200,-) og drikke.

Påmelding til Årdal bibliotek innan fredag 17. april:

Tlf.: 469 15 647

E-post: bibliotek@ardal.kommune.no