A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Årets Tv aksjon - Treng bøsseberarar

TV-aksjonen for 2014 er tildelt Kirkens Nødhjelp og den finn stad søndag 19. oktober.

Har du lyst å vera bøssebærar så meld frå til Marie Helene Hollevik Bransdal på e-post marie-helene.hollevik@ardal.kommune.no
eller til tenestetorget ved Aud Andersen tlf. 57 66 52 20 eller epost; aud.andersen@ardal.kommune.no

Vi har behov for ca. 55 bøsseberarar i Øvre Årdal og 30 på Årdalstangen. Bøsseberarane vert tildelt kvar si rode og born kan gå saman med ein vaksen.

Årets TV-aksjon finn stad søndag den 19. oktober kl. 16.00
Oppmøte i Indre Sogn Sparebank kl. 15.30, for utdeling av bøsse og rodekart.

Pengane som Kirkens Nødhjelp får inn, skal gå til reint drikkevatn i Sudan, Etiopia, Somalia, Afghanistan, Sør-Sudan, Pakistan, Tanzania og Haiti. Med dette meines drikkevatn, vatn til matlaging, klesvask og dagleg hygiene.
780 millioner menneske verda over har ikkje tilgang til reint vatn. 4100 born døyr kvar dag av diarè. I tillegg drep feilernæring, skite vatn, manglande tilgang på toalett, sanitære fasiliteter og hygiene 2 350 personar kvar dag.
 
I 2009 døydde eitt born av vatnrelaterte sjukdommar kvart 15.sekund.
I 2013 skjedde det same kvart 21.sekund. Denne forskjellen reddar livet til 1 645 born kvar dag.

Tips ein ven Skriv ut