A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Årdal har fått nytt namn på ein fjelltopp

Kommunen mottok i januar 2012 høyringsbrev frå Statens kartverk med spørsmål om å ta stilling til  framlegg om nye stadnamn i Årdal. 

  • 1

Det er Kartverket som er mynde i slike sakar, men kommunen blir førespurt før vedtak blir gjort. Førespurnaden kom på grunnlag av brev frå Jørgen Asperheim og Øyvind Jevnaker til Kartverket i oktober 2011 der Asperheim og Jevnaker m.a argumenterte for at fjelltoppen Byttejuv 1322 heller bør heite Skorsfjellet 1322. 

Saka vart utsett da kommunestyret handsama høyringssaka i juni 2012 og i november 2013 var saka oppe igjen etter nye opplysningar. Rådmannen meinte at grunngjevinga til Asperheim og Jevnaker var god og truverdig og gjorde framlegg om at Byttejuv 1322 bør skifte nam til Skorsfjellet 1322. Kommunestyret snudde i saka utan grunngjeving og ville at toppen framleis skulle hete Byttejuv 1322. Saka vart sendt til Kartverket i desember 2013.

Kommunestyresak 063/13

13.02.14 kom det likevel brev om at Statens Kartverk har kome fram til at fjelltoppen Byttejuv 1322 har  fått ny godkjend skrivemåte og frå no av heiter Skorsfjellet 1322. Namnet er allereie registrert i basen til Kartverket og i bruk på nettet (T.d på www.norgeskart.no). 

Byttejuvet ligg framleis nedanfor Skorsfjellet og namnet her har ikkje blitt endra.

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut