A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Årdal er i sorg

Formannskapet har i dag fått orientering i etterkant av den grufulle hendinga som har ramma Årdal.
Tankane våre går først og fremst til næraste pårørande som har blitt ramma så ufatteleg hardt.
Vårt fokus er no å gje pårørande og dei som treng det god oppfølging.

Formannskapet har fanga opp at det er aktivitet i sosiale medier knytt til våre nye innbyggarar. Me minner om at det er ein gjerningsmann og vedkomande er no under politietterforsking.

Formannskapet vil ta initiativ til dialog med aktuelle instansar i nær framtid.

No er det viktig å ta vare på kvarandre og vise omsorg.


Årdalstangen, 6.11.2013
Formannskapet


For meir informasjon:
Ordførar Arild Ingar Lægreid
Telefon 57 66 50 05 mobil 975 29 137

 

Tips ein ven Skriv ut