A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Sjølvbetjening

Bandtvang - Hundehald i Årdal kommune - forskrift

Vedteke i kommunestyret 26. november 2009.


§ 1. Verkeområde og defininisjoner
Denne forskrifta omfattar hundehald i heile Årdal kommune, og for alle som bur eller oppheld seg i kommunen. Forskrifta supplerer vedtekter  gjevne i lov av 4.juli 2003 nr.74, og må sjåast i samanheng med denne.  
Føresegna gjeld ikkje for:
a)Hund som vert nytta i reindrift
b)Dressert gjetarhund for vakting/gjeting av bufe
c)Tenestehund i aktiv teneste eller under trening
d)Jakthundar i bruk ved lovleg jakt. Ein føresetnad er at hundene er gjort såkalla ”sauereine”.
e)Ettersøkshundar under trening og lovfesta ettersøk på skadeskutt eller trafikkskada hjortevilt. Med bandtvang meiner ein i denne forskrifta at hundehaldar skal halde hunden i fysisk band eller forsvarleg inngjerda eller avstengt.  

§ 2. Utvida bandtvang av omsyn til husdyr på beite
I tida frå 1.april til 1.november pliktar eigar eller innehavar av hund i Årdal kommune å halda hunden i band, forsvarleg inngjerda eller innestengd.

§ 3. Bandtvang i område av omsyn til menneske
Det er bandtvang i maskinpreparerte skiløyper heile året. Dersom nokon har med seg hund i maskinpreparerte skiløype, skal ikkje denne være til hinder for andre brukare.

§ 4. Ro orden
Hundehaldar pliktar straks å fjerne ekskrement som hund let etter seg på offentleg stad. Ekskrement skal deponerast på dertil eigna stad og ikkje kastast i naturen. Med offentleg stad forstår ein i denne forskrift gate, veg, herunder fortau, sti, park, torg, eller liknande stad, bru, bryggje, kai, strand, anlegg, maskin preparerte skiløyper eller anna stad der det er allmenn ferdsel eller som er bestemt for allmenn ferdsel. Hundehaldar må syte for at alminneleg ro og orden vert ivareteke, som at hund skal passast slik at den ikkje uroar nokon med vedvarande gøying eller liknande.

§ 5. Område der hunder har ingen eller avgrensa tilgang
Hundar har ikkje tilgang til barnehage og  skuleområdar utan avtale. Andre aktuelle områder blir skilta med forbudsskilt. Dette gjeld ikkje førarhund eller hjelpehund.

§ 6. Fullmakt til utviding av forskriften
Administrasjonen har fullmakt til å utvide tidsrommet forskriften gjeld for, viss det er nødsamt for å verne viltet, til dømes viss det er særs vanskelege snø- og beite tilhøve for reinsdyr (ising).

§ 7. Dispensasjon
Kommunen kan, etter søknad, dispensere ifrå  vedtektene om bandtvang gjevne i hundelova eller denne forskrifta.

§ 8. Straff
Brot på denne føresegna er straffbart og kan straffast etter §28 i hundelova

§ 9. Ikrafttredelse
Denne forskrifta tek i kraft straks etter den er vedteke, og er gjeldane til det kjem ein  ny hundelov slik at gjeldane forskrift må opphevast,  eller det blir skreve ei ny forskrift.