Bokbåten Epos til Årdalstangen 28. oktober
Fredag 28. oktober kjem bokbåten Epos på besøk til Årdalstangen.
Bokbåten ligg til kai frå klokka 17.00 - 19.00.
17.00 - 18.00 Lån av bøker
18.00 - 19.00 Kulturprogram
Bokbåten har plass til nærare 6000 bøker og bokvalet er allsidig.
I tillegg til at det vert høve til å låne bøker vil det og vere eit kulturprogram om bord.
Denne gongen er det Per Jostein Aarsand med framsyninga "Skumle skrømt og morosame minne".
Framsyninga passar frå 3 år, men historiane vert tilpassa publikum.
Meir om Epos finn du her: Bokbåten Epos
Epos er ei kulturoppleving i seg sjølv, så set av fredag 28. oktober til bokbåtbesøk!
Bøkene du låner kan leverast attende til Årdal bibliotek, eller neste gong bokbåten kjem.