A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Sjølvbetjening

Politivedtekter for Årdal kommune

Politvedtekt for Årdal kommune, Sogn og fjordane. Politivedtekt for Årdal kommune, Sogn og Fjordane.( Fastsett av Årdal kommunestyre den 15. juni 2000 med heimel i lov av 4. august 1995 nr. 53 om politiet § 14.)

Kapittel 1. Allmenne føresegner

§ 1. Offentleg stad
Med offentleg stad er i denne vedtekta meint gate, veg, her medrekna fortau, stig, park, torg e.l., plass, bru, bryggje, kai, strand, anlegg eller annan stad der det er allmenn ferdsle eller som er bestemt for allmenn ferdsle.

§ 2. Festar, brukar, leigar eller styrar av hus eller grunn
Dei plikter som er lagd på eigar av hus eller grunn kviler også på den som festar, brukar, leiger eller styrer hus eller grunn.

Kapittel 2. Orden på offentleg stad

§ 3. Ro og orden på offentleg stad
På eller like attmed offentleg stad må ingen ta del i opplaup eller samanstimling, eller laga larm eller bråk som skiplar den allmenne ro og orden eller ferdsla. Når mange menneske samlar seg nær inngang til forsamlingslokale, sportsplass, utsalsstad, haldeplass e.l., skal dei stå i kø og elles rette seg etter dei pålegg som politiet eller arrangøren gjev for å halde oppe den allmenne orden eller for å regulere ferdsla.

§ 4. Song og musikk, reklame m.m
Den som på eller ut mot offentleg stad vil føre fram song eller musikk, skipa til framsyning eller gjere bruk av høgtalar, må på førehand gje melding til politiet. Det same gjeld den som på eller nær offentleg stad ynskjer å dele ut eller spreie opprop, lysingar, reklame e.l., eller bruke gåande, køyrande eller flygande reklame. Politilova § 11 gjeld tilsvarande.

§ 5. Farleg eller skremmande verksemd
På, ut over eller like attmed offentleg stad er det forbode:

• å skyta med gevær eller anna skytevåpen eller med boge og liknande
• å brenne av krutt, fyrverkeri eller sprengstoff utan at politiet har gjeve løyve
• å kaste eller sleppe stein, snøball eller anna som kan vere til skade eller ulempe for dei som ferdast der

Det er forbode å bere ladd skytevåpen på offentleg stad.

Kapittel 3. Sikring av ferdsla

§ 6. Hindringar
På eller ut over offentleg stad er det forbode å setje eller hengje noko som kan vere til hinder eller ulempe for ferdsla. Markiser skal vere festa så høgt at underkanten minst er 2,25 m over bakken og må ikkje gå ut over fortauskant.

§ 7. Sport, leik
Politiet kan sette forbod mot aking og andre former for sport, leik eller spel på bestemt offentleg stad der dette er påkravd av omsyn til ferdsla eller den allmenne orden.

§ 8. Sperring av fortau m.v.
Krev byggjearbeid e.l. at gate, veg eller annan offentleg stad vert heilt eller delvis sperra for ei avgrensa tid, lyt ein på førehand søkje løyve av politiet. Politiet kan setje nærare vilkår for løyvet.

§ 9. Sprengingsarbeid
Sprenging på eller like attmed offentleg stad skal meldast til politiet på førehand. Politiet kan krevje særlege tryggingstiltak.

§ 10. Diverse arbeid
Reising, riving, vøling av bygning, graving eller anna arbeid på eller ut mot offentleg stad der det kan bli fare for ferdsla, skal på førehand meldast til politiet. Politiet kan fastsette korleis arbeidsstaden skal sperrast og krevje andre tryggingstiltak til vern for publikum.

§ 11. Vedlikehald av bygningar m.v.
Ved vedlikehald av bygningar m.v. på eller ut mot offentleg stad pliktar den ansvarlege for arbeidet å setje opp avvisarar som gjer det tydeleg at det er farleg eller til ulempe å ferdast der.

§ 12. Avvisarar
Når det er fare for at snø eller is kan falle ned frå hustak mot offentleg stad, skal eigaren straks sette opp avvisarar som gjer det tydeleg at det er farleg å ferdast der, og snarast syte for at taket blir rydda.

§ 13. Fjerning av sperrar
Sperringar, avvisarar, stigar e.l. må takast bort når arbeid som nemnt i §§ 9, 10 og 11 er gjort eller når faren som er nemnt i § 12 ikkje lenger er til stades.

§ 14. Ferdsle på frose vatn eller sjø
Politiet kan av tryggingsgrunnar sette forbod mot eller gje regulerande føresegner for ferdsla på vatn eller sjø som er frose.

Kapittel 4. Reinhald på offentleg stad

§ 15. Fortau m.v.
Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad pliktar å halde reine lys- og luftegraver som er knytt til eigedomen. Reinhaldet skal gjerast slik at det vert til minst mogeleg ulempe. Oppsop e.l. må ikkje leggjast i kloakksluk.

§ 16. Takras ved snøfall
Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad pliktar å rydde fortauet utanfor eigedomen for snø og is etter takras.

§ 17. Avlaup for vatn
Eigar av hus eller grunn mot offentleg stad skal sørge for at avløp for vatn i fortau, rennestein, grøft e.l. vert halde ope.

Kapittel 5. Hindre tilgrising

§ 18. Hindre tilgrising o.l.
På, ut over eller like attmed offentleg stad er det forbode:

  • å kaste eller leggje frå seg glas, flasker, spikar, papir, fruktskal eller anna avfall
  • å grise til med måling, tusj, sprayprodukt e.l. på noko overflate mot offentleg stad, under dette på eller ved bygning, gate, veg, park, anlegg, innretningar og framkomstmiddel
  • å hengje opp kunngjeringar, plakatar, e.l. utan at politiet har gjeve løyve til dette. Dette gjeld likevel ikkje oppslag på tavler e.l. som heradet har godkjent til slikt bruk, eller oppslag på eigedom om tilhøve som berre høyrer eigedomen til eller næringsverksemda til dei som bur der. Det er forbode å rive, skade eller skjemme oppslag som er lovleg sett opp. Oppslag skal fjernast når dei er forelda.
  • å urinere.

§ 19. Avfall
Den som driv med sal frå portrom, kiosk e.l., eller som driv anna liknande næringsverksemd på eller ut mot offentleg stad, skal syte for at området ikkje vert skjemt eller skitna til av verksemda og pliktar å syte for at det blir sett opp mange nok korger for papir og avfall. Den som arrangerer tilstelling på offentleg stad, skal syte for at papir og anna avfall blir fjerna etter arrangementet.

Kapittel 6. Offentlege anlegg

§ 20. Kyrkjegard
På kyrkjegard er det forbode å sykle, ake eller å drive sport, leik eller anna som ikkje sømer seg der. Det er forbode å trengje seg inn på kyrkjegard når den er stengd for besøk.

Lause hundar må ikkje sleppast inn eller takast med på kyrkjegard.

Kapittel 7. Dyr

§ 21. Husdyr m.m.
Det er forbode å la hest, storfe, sau eller geit gå laus på eller ved offentleg stad utan forsvarleg tilsyn. Sirkusdyr eller ville dyr må ikkje førast på offentleg stad utan løyve frå politiet.

§ 22. Hundar, bandtvang m.m.

  1. På offentleg stad skal hund haldast i band.
  2. Hund skal vere utstyrt med halsband med namn, adresse og telefonnummer til eigaren eller den som har ansvaret for hunden, eller vere lovleg merka på annan måte.
  3. Eigar eller den som har ansvar for hund pliktar straks å fjerne ekskrementar som hunden let etter seg på offentleg stad.

§ 23. Sal, avliving o.a.
Politiet kan ta hand om hund som går laus i strid med føresegnene i § 22. Dersom eigar eller den som har hunden ikkje hentar hunden innan ei veke etter at han eller ho er varsla personleg eller ved lysing i pressa, kan politiet selje eller avlive hunden.

Kapittel 8. Arrangement på offentleg stad m.v.

§ 24. Søknadsplikt for arrangement på offentleg stad
Den som på offentleg stad vil lage til arrangement som hovudsakleg er av underhaldande, kunstnerisk, selskapeleg eller kommersielt slag, som har ein storleik som opplagt vil føre til behov for omfattande reguleringar av ferdsla eller vakthald, må søkje politiet om dette i god tid før arrangementet. Politilova § 11 gjeld tilsvarande.

§ 25. Meldeplikt for allment tilgjengelege arrangement utanfor offentleg stad m.m.
Den som vil lage til eit arrangement som er allment tilgjengeleg, må senda melding i god tid, til politiet. Dette skal gjerast sjølv om arrangementet ikkje går føre seg på offentleg stad, når det er truleg at det vert naudsynt med polititilsyn for å sikre ro og orden eller avvikling av trafikken på grunn av storleiken på eller karakteren av arrangementet. Plikt til å melde frå gjeld òg samkome med dans eller anna tilskiping som vesentleg er av selskapeleg eller underhaldande art for medlemmer av ei foreining eller liknande samanslutning.

Politilova § 11 gjeld tilsvarande.

Kapittel 9. Born

§ 26. Offentleg dans e.l.
Born under 15 år har ikkje tilgjenge til offentleg dans eller liknande allment tilgjengeleg tilskiping utan at dei er saman med foreldre eller andre føresette.

Kapittel 10. Ymse føresegner

§ 27. Forsøming av plikt
Forsømer nokon å utføre det vedkomande har plikt til etter vedtekta eller etter pålegg gjeve med heimel i vedtekta, kan politiet på vegne av vedkomande setje dette i verk. Den som har forsømt pliktene må dekkje utgiftene.

§ 28. Straff
Brot på vedtekta eller pålegg gjeve i medhald av vedtekta, vert straffa etter politilova § 30 nr. 4, om ikkje tilhøvet kjem inn under strengare straffebod.

§ 29. Iverksetjing
Denne vedtekta tek til å gjelde 1 månad etter at ho er stadfest av Justis- og politidepartementet. Forskrift av 26.09.1985 om politivedtekt for Årdal kommune, Sogn og Fjordane, fell bort frå same tid.