A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Sjølvbetjening

Årdal sjukeheim

Årdal sjukeheim ligg på Årdalstangen og har 3 avdelingar med totalt 32 plassar.

Årdal sjukeheim
Årdal sjukeheim

1.etg har 12 plassar for langtidsopphald. Avdelinga er integrert med heimesjukepleia på Tangen, slik at personalet arbeidar begge stader.
2.etg har 19 plassar for langtidsopphald, der  6 av plassane er skjerma plassar for demente. Ein har og sett av 1 rom til avlastningsopphald.
Produksjonskjøkkenet og aktivitetssenter for heimebuande demente har òg tilhald i bygget.
Målsetjinga for sjukeheimen er å gi individuelt tilpassa, heilskapleg pleie og omsorg til pasientane. Ynsket om å ta vare på pasientane sine ressursar er prioritert.
Sjukeheimen vert driven etter modellen for primærsjukepleie. Dette tyder at pasientane i størst mogleg grad skal ha kjende personar til å hjelpa seg.
Pasientane har einerom med bad, der dei kan ha med seg noko personlege eigendelar til å innreie romma med.

På alle avdelingane er det tilsett sjukepleiarar, hjelpepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar.
Tilsynslegen har visitt x 2 dagar i veka, som er fordelt på avdelingane.
Pasientane har høve til å ta del i sosiale aktivitetar som:
•    Andakt
•    Besøkstenesta frå Røde Kors
•    Besøk frå lag og organisasjonar
•    Felles trim
•    Besøk av barnehagane

Sansehage
Frå sommaren 2016 vert det teke i bruk ny sansehage utanfor sjukeheimen. Her er det frukttrær,hagebær, duftande roser, grønsaker, sittegrupper mm, som pasientane og pårørande er velkomne til å bruke så mykje dei vil.