A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Sjølvbetjening

Årdalshallen

Årdalshallen er fleirbrukshall med maksimal speleflate på 40 x 20 meter. Hallen har svært stor bruksgrad, og vert nytta av skulane på dagtid og av laga i Årdal på kveldstid.

Årdalshallen
Årdalshallen

I sesongen, frå september til mai, vert det stort sett kvar helg avvikla handballkampar i Årdalshallen.

Møterommet er mykje utleigd både til laga og til ulike typar arrangement som t.d. konfirmasjonar.

Årdalshallen har i tillegg både Klatrevegg og Buldrevegg, og eit godt utstyrt styrketreningsrom. Årdalshallen inneheld også eit 25 - meters symjebasseng med moglegheit for å ta badstove.

Årdalshallen ligg ved idrettsparken i Øvre Årdal, som også inneheld 50-meters friluftsbad, krøllgrasbane, grasbane og friidrettsanlegg.

Symjeanlegget i Årdalshallen
Symjeanlegget er ein del av av idrettsparken i Øvre Årdal og inneheld eit 25 meters basseng med 3 stupetårn, badstove og oppvarma vatn med 28 grader.

Andre symjeanlegg

Årdal kommune har 2 andre symjeanlegg,  eit 12 meters basseng ved Tangen skule og eit oppvarma terapibasseng til særskilte brukarar ved Årdal sjukeheim.

Opningstider