A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Sjølvbetjening

Kyrkjene i Årdal prestegjeld

Kyrkja på Årdalstangen
Kyrkja på Årdalstangen
Farnes Kyrkje
Kyrkja i Øvre Årdal

Årdal kyrkje på Årdalstangen
 

På Årdalstangen står Årdal kyrkje frå 1867. Ho står på same tufta som stavkyrkja frå 1200-talet.
Det er ei trekyrkje i tre-gotisk stil, etter motiv frå dei gamle stavkyrkjene.

Det er om lag 370 sitteplassar i kyrkja.

Kyrkja vart sett opp fyrst på Bygdøy ved Oslo, og så lasta om bord i seglskip som frakta kyrkja til Årdal. Det var "Archietect Christie" som utarbeidde teikningane til kyrkja (jmfr. kyrkjene i Borgund (Lærdal) og Stedje (Sogndal).

19. desember 1867 vart kyrkja vigsla.
Det meste av utsmykkinga inne i kyrkja er gåver frå private eller pengegåver.

Orgelet i kyrkja har 16 stemmer er bygd av Vestlandske orgelfabrikk og sto ferdig i 1978. Det har ein disposisjon som gjer at mange typer musikk kan spelast på orgelet.

Farnes kyrkje i Øvre Årdal
 

Farnes kyrkje er det første kyrkjebygget i Øvre Årdal. Tidlegare måtte ein reise over vatnet for å kome til kyrkje.
I 1867, da den gamle stavkyrkja på Årdalstangen vart riven, gjekk både sokneprest og biskop inn for å bruke materiala til kapell på Farnes, men det fekk dei ikkje gjennomslag for.

Eit steg på vegen mot eiga kyrkje var det når kyrkjegarden på Farnes vart innvigd i 1898. Det gamle klokketårnet står der framleis.

Farnes kyrkje vart innvigd av biskopen i Bjørgvin 12. april 1970.

Arkitektfirmaet Arnstein Arneberg har teikna kyrkja.