A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Helse og omsorg/Eldreomsorg/Omsorgsbustad/Årdal bu- og omsorgssenter (ÅBO)

Årdal bu- og omsorgssenter (ÅBO)

Årdal bu- og omsorgssenter er ei tilrettelagt bueining for eldre

  • 1
  • 2
  • 3

Årdal bu-og omsorgssenter (Åbo) ligg nær sentrum i Øvre Årdal og er ei blokk i 3 etasjar. Det er i hovudsak leilighetar til utleige men me har og 3 hyblar utan kjøkken til utleige. Leilighetane  er på 54 kvm,  og inneheld stove, kjøkken, soverom og bad. Det er 1 bod i kjellar til kvar leilighet. Det er ikkje dørstokkar og dørane er tilpassa rullestolbrukarar.
Hyblane er ca 24 kvm og inneheld soverom og bad.
Husværa er umøblerte og dei er underlagt husleigekontrakt for Årdal kommune.
Det er månadleg husleige som inkluderer grunnoppvarming. Straumutgifter til punktbelysning,  ekstra varme og klesvask kjem i tillegg.

Det er 21 leilighetar og 3 hyblar til utleige. Det er fellesareal i 1 etasje der beuarar som har middagsombringing frå produksjonskjøkkenet kan et middag saman.
Årdal bu-og omsorgssenter (ÅBO) er ein del av open omsorg, og det vert gjeve tenester etter behov til dei som bur der. Det følger ikkje med tilsyn og hjelp.
I fyrste etasje finn ein basen til heimesjukepleien i Øvre,  heimehjelpsformidlar og ergoterapeut.

Korttidsavdelinga ÅBO:

Årdal kommune har 9 plassar for tidsavgrensa opphald i insitusjon integrert i Årdal bu og omsorgsenter. Me gir opphald for rehabiliering eller utredning/behandling. Det blir ikkje gitt opphald for avlastning i denne avdelinga. Det blir gitt i sjukeheim.

I tillegg er det ein leilighet for pleie ved livets slutt. Leiligheten vil bli tilbydd dei som har ein uhelbredeleg sjukdom, der all kurativ behandling er avslutta, og som har ein diagnose som krev lindrande behandling. Palliativ leilighet skal gje tilbod til den som treng smertelindring, terminal pleie og omsorg. Her er det mogleg at familien bur med den døyande. Denne vert tildelt etter behov.

Årdal kommune er ein heimtenestebasert kommune og meiner at dei fleste pasientar kan bu heime med heimetenester  og tilrettelegging av bustaden.  I avdelinga skal det settast mål for opphaldet saman med pasient og pårørande. Det blir ikkje gitt til og frå dato på opphalda. Vurdering om utskrivningsdato blir planlagt fortløpande.
Årdal kommune prioriterer søkarar som blir meldt frå sjukehus med behov  for omfattande hjelp  til praktisk bistand i forflyttning, stell, ernæring og medisinering i samband med innlegging i sjukehus eller i staden for sjukehus.
Korleis få tenesta:
Sjukehuset eller legevaktlege brukar kommunen sin meldetelefon,  eller sender elektronisk varsel for å melde om behov.  Inntaket er fortløpande.

Pris/kostnad:
Prisliste

 

 

Tips ein ven Skriv ut