A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Helse og omsorg/NAV Årdal

NAV Årdal

 

Reduserte opningstider gjeldande frå 9. juni 2020

Har ope to dagar i veka med reduserte opningstider:
Tysdag 10.00 – 12.00
Torsdag 10.00 – 12.00

Som eit førebyggjande tiltak for å redusere smittefaren av koronaviruset vert det framleis halde stengt nokon dagar. 
Dersom du treng tenester frå NAV, kontaktar du oss slik:

På heimesida nav.no – ope heile døgeret. Der kan du:
- Sjekka utbetalingar
- Søkje stønader
- Registrere deg som arbeidssøkjar
- Finna søknadsskjemaer
- Lesa om rettigheiter og vilkår for stønader 

Dersom du alt har ein rettleiar på NAV Årdal, kontaktar du rettleiaren digitalt i aktivitetsplanen din ved behov.

Du kan og ringja NAV kontaktsenter (ope mellom kl. 08:00 – 15.30):
55 55 33 33 – spørsmål om dei fleste ytingar
55 55 33 36 – Telefon for arbeidsgjevarar
55 55 33 34 – spørsmål om pensjon

For kontakt med flyktningetenesta ring 40 40 18 34.

Gjeld besøket ditt søknad om økonomisk sosialstønad/naudhjelp eller hjelp til å finna mellombels bustad, hjelper vi deg om du ringjer 404 01 836, som er betjent kvardagar kl. 10:00 - 14.00.

Papir som skal leverast NAV kan leggjast i postkasse vår på veggen ved inngangsdøra til NAV-kontoret kvardagar mellom kl. 07:30 – 15:00.

 

Generell informasjon om NAV Årdal

NAV Årdal har adresse Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen

Opningstider for tilfeldig besøk (utan avtale):
Måndag: 10:00 - 14:00
Tysdag: 10:00 - 14:00
Onsdag: 12:00 - 14:30
Torsdag: 10:00 - 14:00
Fredag: 10:00 - 14:00

Gjennom ulike tenester og stønader skal vi bidra til å betre levekåra for vanskelegstilte, til sosial og økonomisk tryggheit, med mål om at den enkelte får muligheit til å bu og leve sjølvstendig.

Lov om sosiale tjenester i NAV regulerer både individuelle tenester og generelle oppgåver som skal bedre levekåra for vanskeligstilte og bidra til sosial og økonomisk tryggheit. Det betyr at den einskilde får mulighet til å leve og bu sjølvstendig, fremje overgangen til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltakelse i samfunnet. Lova skal og bidra til at utsette barn og unge og deira familiar får eit heilheitlig og samordna tenestetilbud.

Hjå NAV Årdal finn du følgjande kommunale tenester:

* Økonomisk råd og rettleiing etter Lov om sosiale tenester i NAV
* Kvalifiseringsprogrammet
* Økonomisk rådgjevingsteneste
* Husbanken
-bustønad
-startlån
-tilskot til etablering og utbetring
* Midlertidig bustadtilbod
* Flyktningetenesta
* Kommunen si rusteneste/oppfølging 
* Arbeidsretta oppfølging m.m.

NAV Årdal - Søknad om økonomisk sosialhjelp
Økonomisk sosialhjelp er ei midlertidig inntekt. Før du kan få stønad må du vurdere alle andre moglegheiter til å førsørge deg sjølv. Dette kan for eksempel vere gjennom jobb, andre inntekter eller eigne midlar.

Før du søker
NAV må ha tilstrekkelig dokumentasjon og treng opplysningar om inntekt og utgifter. Du må i utgangspunktet dokumentere alle opplysningane skriftlig.

Døme på kva du må legge ved søknaden

  • Legitimasjon
  • Gyldig oppholdstillatelse
  • Skattemelding (tidlegare sjølvmelding)
  • Fastsetjing (tidlegare likning), skatteoppgjer
  • Lønsslipp, tre siste månadar
  • Kontooversikter som syner alle dine konti med saldo
  • Kontoutskrifter (dersom ikkje naudsynte opplysningar kan bli dokumentert på anna vis. Du kan stryke over tekst som ikkje er relevant for saka=
  • Dokumentasjon på buforhald (husleigekontrakt)
  • Fakturaer for husleige, bustadlån, straum, barnehage, skulefritidsordning (SFO) og fritidsaktivitetar for barn.
  • Faste eller høge utgifter til helse og eller tannbehandling.

Du må ha lovlig opphold og ha fast bopel i Norge for å ha rett til økonomisk sosialhjelp. Dersom du oppheld deg i utlandet, har du ikkje rett til økonomisk sosialhjelp.
Alle har rett til å søke om økonomisk sosialhjelp og få ei individuell vurdering av saka si.

Kvar finn du søknadsskjema?
Du må søke til NAV-kontoret i kommunen du bur. I Årdal kommune kan du kontakte NAV Årdal. Me har kontoradresse i Statsråd Evensensveg 4, same inngang som rådhuset på Årdalstangen.

Etter du har søkt
NAV Årdal handsamar søknadar så snart som råd, men dersom det går meir enn ein måned, skal du få eit førebels svar. Dersom du ikkje har levert all naudsynt dokumentasjon, kan det ta lengre tid før du får svar på søknaden din. Dersom du er i en naudsituasjon, skal du få eit raskt svar.

Når me har handsama søknaden din, får du eit vedtak som du må lese nøye. Ofte vil me stille eit eller fleire krav til deg i vedtaket som du må oppfylle. Dersom du meiner at vedtaket er feil, kan du klage. Klagefrist er 3 uker fra du mottek vedtaket.

Satsar
Stønaden blir utrekna etter ei individuell vurdering.
Regjeringa har utarbeidd statlege rettleiande satsar og retningsliner for å rekne ut økonomisk stønad. Årdal kommune nyttar desse satsane når me handsamar søknadar om økonomisk sosialhjelp.

Du kan lese meir om NAV ved å følgje desse lenkjene:
https://www.nav.no/no/Person/Flere+tema/Sosiale+tjenester
https://www.nav.no/no/Person/hva-er-din-situasjon