SFO Øvre Årdal

SFO har 3 avdelingar; KASPER, JESPER og TANTE SOFIE.
Kasper og Jesper blir også nytta til klasserom for 1. og 2. klassingane i skuletida. Tante Sofie ligg i 3. etg.

SFO ynskjer å gje eit fleksibelt tilbod til foreldre og born, og ein kan difor velje ulike opphaldstider etter behov.

Det er ope kvar dag på desse tidene:
kl. 06.45 - 08.30
kl. 13.30 - 16.00 (fredag 13.15 - 16.00)


Innanfor denne tida kan ein velje opphaldstid berre på føremiddag (F),  ettermiddag (E), eller heil dag (H). I feriar og skulefrie dagar er det påmelding etter behov. Skjema for påmelding vert sendt ut i god tid før feriane.

Foreldra gjer avtale for sitt barn om aktuell hentetid, eventuelt kva tid deira barn kan gå heim åleine.

Søknad om plass på SFO må gjerast kvart år. Søknadsfristen er som i barnehagane 1. februar.

Overordna mål:
Det er vår oppgåve å ta vare på kvart einskild barn og dei evner den einskilde har.

Motto:
Fridom under ansvar, trivsel, tryggleik og omsorg.

Vår hovudoppgåve:
SFO skal vere eit leike- og aktivitetstilbod for våre born mellom 6-10 år (1-4 klasse ), der verdisyn og grunnhaldningar er dei same som på skulen.

  • me ynskjer å bidra til at borna får ein trygg og stabil skuledag i nært samarbeid med dei føresette og skulen.
  • me ynskjer å gje borna omsorg og tryggleik.
  • me ynskjer å gje borna våre vaksenkontakt og høve til kontakt på tvers av alder og kjønn.
  • me ynskjer å vere ein SFO, med vekt på bornas eigne behov, eigen kultur og retten til å velje kva dei sjølv vil gjere.
  • me ynskjer at vår SFO skal vere ein stad der borna føler at dei kan disponera litt av tida si sjølve.
  • SFO skal vera ein fristad der ingen treng å føle at dei må yte noko reint fagleg.

Store deler av dagen her består av frileik, då vi ser på leiken som ein viktig del av borna sin utvikling. I leiken utviklar dei fellesskapskjensle, empati (medkjensle), kreativitet og evna til å samarbeide. Leiken er ei skapande verksemd, som er viktig for å utvikla begrep, forestillingar, kunnskapar og innsikt i mange ulike fag.

Tips ein ven Skriv ut