A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Born og familie/Barnehage/Årdalstangen barnehage

Årdalstangen barnehage

Årdalstangen barnehage er plassert i Hydrovegen med kort avstand til sentrum, skule, friområder i nærmiljøet og naturområde i Hagane med vår eigen uteplass. Barnehagen framstår, trass sin lange alder (1972, påbygd 1994, 2009) som ein brukarvennleg barnehage med gode rom og eit triveleg uteområde.

  • 1
  • 2
  • 3
  • 4
  • 5
  • 6
  • 7
  • 8
  • 9
  • 10

Årdalstangen barnehage har tre avdelingar for aldersgruppa 1 - 6 år; Bitteliten, Knerten og Kanutten.

Overordna mål:
•    Trivsel, tryggleik og tillit
•    Fellesskap, glede og omsorg

Barna skal vera trygge og trivast i eit fellesskap som har fokus på utvikling og læring gjennom omsorg, glede og humor i kvardagen.

Satsingsområde:
1.    Sosiale relasjonar og samspel
2.    Språk og kommunikasjon
3.    Fysisk aktivtet og nærmiljø

Småbarnsalderen er den grunnleggjande perioden for emosjonell og språkleg utvikling. Difor er sosiale relasjonar, språk og kommunikasjon i kvardagen, viktig for vår barnehage. Me ynskjer at vår barnehage skal vere ein god arena for å utvikle og styrke sosial og språkleg kompetanse.

Me arbeider med språk og kommunikasjon på følgjande måtar:
•    Personalet er viktige språkmodellar for barna, og må invitere til gode samtalar og medverke til gode situasjonar som fremjar læring av språk
•    Me skal skape eit språkstimulerande miljø kvar dag, i kvardagssituasjonane og i meir strukturerte samlinger
•    Me deler opp i smågrupper for å gje tid til samtale og bruk av språket
•    Me har planlagde språkgrupper/samlingar
•    Personalet brukar ulike språkmateriell i arbeidet med barna ( Språkkista, Snakkepakken mm)

Me arbeider med sosiale relasjonar og samspel på følgjande måtar:
•    Det vert sett av av tid og rom for leik
•    Me observerer leiken og det einskilde barnet si meistring og utfordringar
•    Personalet støttar, inspirerer, oppmuntrar, viser interesse og engasjement for barn sin leik
•    Me arbeider med relasjonar og vennskap i kvardagssituasjonane og i meir strukturerte samlingar

Me arbeider med nærmiljø og fysisk aktivitet på følgjande måtar:
•    Personalet er rollemodellar og må ha gode haldningar til aktiv bruk av eigen kropp, samt positive haldningar til turar, friluftsliv og leik ute
•    Me må legge til rette for variert leik ute og inne, og vera tilstades med tryggleik og gode blikk
•    Me må gje gode moglegheitar for fysisk leik ute og inne
•    Me gjennomfører aktivitetsgrupper og brukar nærmiljøet aktivt
•    Me må oppmuntre barna til å prøva nye ting, vera tilstades med tryggleik og gode tilbakemeldingar

Tips ein ven Skriv ut