A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Tenesteskildring

Byggesakhandsaming

1. Sjekk om du må søkje om løyve

Først må du finne ut om byggearbeidet krev at du må søkje om løvye.

Er du i tvil så ta kontakt med Tenestetorget eller byggesakshandsamar.

Arbeid som ikkje krev søknad om løyve

Arbeid som er unnateke frå søknad om løyve må vere i samsvar med plan- og bygningslova og bestemmelsar, m.o.a. arealplanar (kommuneplan og reguleringsplan). Informasjon om gjeldande regelverk får du av byggesakshandsamar. Ver særlig merksam på at mindre frittliggande bygning (t.d. redskapshytte) må vere plassert minst 4 meter frå nabogrensa for å vere unnteke søknad.

Arbeid som krev søknad om løyve og som kan gjerast av tiltakshavar

Søknad må sendast inn og arbeid kan utførast av privatpersonar.

Anna arbeid som krev søknad om løyve

Søknad må sendast inn og arbeid må utførast av verksemder som kommunen kan godkjenne som ansvarleg søkjar, prosjektansvarleg og utførande.

Generell rettleiing og informasjon om søknadsprosessen finn du på Direktoratet for byggkvalitet

Sjå òg rettleiingar i menyen til høgre.

Treng du rettleiing om søknadsprosessen så ta kontakt med byggesakshandsamar. Du kan be om ein førehandskonferanse eller eit uformelt møte.

2. Bestill situasjonskart

I dei fleste saker må du ha situasjonkart som innheld naboliste og viktige opplysningar om planbestemmelsane i området.

Kartet kan du tinge elektronisk av Trude Johnsgaard

3. Søk om løyve

Søknaden må sendast til kommunen. Viss det er manglar i søknaden, vil du få melding om det og ein frist for å rette opp opplysningane.

4. Byggearbeidet

Når du har fått løyve, kan byggearbeidet starte. Du sjølv og den verksemda du nyttar, som har søkt og fått ansvarsrett, er ansvarleg for at arbeidet vert utført i tråd med krav som er gitt eller med heimel i plan- og bygningslova.

Kommunen kontrollerer ikkje byggearbeidet, men føretek gjennom tilsyn stikkontroll i enkeltsaker.