A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Prisar og satsar

Byggesak

Byggesøknader 2019
Rammeløyve:  
Tiltaksklasse 1 – rammeløyve  8.750,-
Tiltaksklasse 2 – rammeløyve  14.400,-
Tiltaksklasse 3 – rammeløyve  17.300,-
   
Igangsetting:  
Tiltaksklasse 1 – igangsetting 5.400,-
Tiltaksklasse 2 – igangsetting 8.600,-
Tiltaksklasse 3 – igangsetting   10.100,-
   
Delsøknader utover to trinn pr. gong  2.300,-
   
Eit trinns handsaming:  
Tiltaksklasse 1 – eitt trinns handsaming   10.700,-
Tiltaksklasse 2 – eitt trinns handsaming   17.000,-
Tiltaktsklasse 3 – eitt trinns handsaming   21.000,-
   
Søknad om tiltak utan ansvarsrett  2.600,-
Tilbygg/påbygg:  
< 30 m² 25% av basisbebyr
> 30 m² < 100 m² 50% av basisgebyr
> 100 m² som nybygg
Garasjar/bustadbrakker/naust/basseng etc: (GAB: 161 - 199) 50% av basisgebyret
  1. Ved mellombelse bygningar betalast fullt gebyr i den kategori bygget omfattar.
     
  2. Ved bruksendringar der det ikkje vert gjennomført ombygging betalast 25% av fullt gebyr for den kategori bygget skal nyttast til. Ved bruksendring der det vert gjennomført ombygging, betalast 50 % av fullt gebyr.
     
  3. Andre søknadspliktige tiltak som fasadeendring, vindaugsskift (som medfører fasadeendring), støttemurar, støyskjermar, graving/fylling, antenner, skilt, balkongar etc. betalast med kr. 1.400,-.
     
  4. Avvik frå høgde/avstand etter pbl  § 29-4 betalast med kr. 2.200,-.
     
  5. Dispensasjonar med heimel i pbl.§ 19-1
    Formål: kr. 6.700,-.
    Andre: kr. 4.000,-.
     
  6. Godkjenning av ansvarsrett:
     
    Byggesøknader 2019
    Ved førstegangs godkjenning av sjølvbyggar 2.200,-
    Ved seinare godkjenning med nye funksjonar for sjølvbyggjar 1.200,-
  7. For separate søknader som godkjenning av tekniske installasjonar, heisanlegg, tankar og avløpsanlegg og konstruksjonar som ikkje gjev BRA betalast kr. 2.200,-.
  8. Utover 300 m² bruksareal vert basisgebyret auka med kr. 40,- pr. m². Basisgebyret skal ikkje overstige kr. 90.000,-


Forskrift om plangebyr:
Med heimel i lov om planlegging og byggesaksbehandling (Plan og bygningsloven, pbl), lov 2008-06-27 § 33-1 vert det frå 01.07.2009 innført slike betalingssatsar for handsaming av private regulerings-/utbyggingsplanar:

Gebyr 2019
Oppstartsvedtak regulering, pbl § 12-3 5.700,-
Endring av plan, handsama delegert av rådmannen, pbl. § 12-14 5.700,-
Endring av regulering-/utbyggingsplan 7.700,-
   
Detaljregulering, pbl § 12-3 5.700,-
+ Arealgebyr, inntil 5000 m² 7.700,-
5001 - 10000 m² 13.400,-
Over 10000 m² 22.800,-

Dersom endring av utbyggings-/reguleringsplan gjeld endring av areal og føremål, vert arealgebyr å betale i samsvar med det areal som skal endrast.

Gebyret skal dekke det arbeid kommunen har med søknaden. Kravet til fagleg utgreidde og framstilte planar skal gjelde fullt ut, og tiltakshaver skal dekke alle utgifter til dette, kopiering, annonsering og liknande i forkant av søknad.

Avbroten plansak:
Avhengig på kva tidspunkt i saka denne vert avbroten skal gebyreet avreknast som del av fullt gebyr. Rådmannen får fullmakt til slik avgjerd.

Gebyret skal betalast av søkjar før saka vert fremja fyrste gongen for  planutvalet. Betaling skal skje etter rekning frå kommunen. Rekninga skal vere i samsvar med dei satsane som gjeld på tidspunktet for søknaden.

Klage på gebyr:
Klager på gebyr og storleiken på dette skal handsamast av planutvalet.

Urimelege gebyr:
Dersom gebyret etter dette regulativ vert urimeleg høgt, kan rådmannen sette eit passande gebyr.


Gebyr byggesaks- og planhandsaming:
Gebyret er vedteke med heimel i plan- og bygningslova § 33-1 og gjeld tiltak som blir handsama etter forskrift om byggesak (Byggesaksforskriften) av 01.07.2010.

§ 1. Gebyr omfattar
Totalt gebyr omfattar:
Utskriving av grunnlagskart for situasjonsplan, naboliste. Sakshandsaming, godkjenning av ansvarlige, dokumentkontroll, tilsyn i byggeperioden og nødvendige attestar. Gebyret vert skreve ut til tiltakshavar.
Situasjonskart/oppmåling av bygg og terreng etter § 19 i SAK er ikkje inkludert i gebyrsatsane.
 
§ 2 Betalingsplikt
Alle som får utført tenester etter dette regulativ skal betala gebyr.
 
§ 3 Tidspunkt for gebyrutrekning
Gebyret vert utrekna etter det regulativet som gjeld den dato kommunen mottek ein tilfredsstillande melding eller søknad.

§ 4 Tidspunkt for fakturering og betalingstidspunkt
Når vedtak i samband med søknad/melding er gjeve vert fakturering for gjeldande gebyr utført.

§ 5 Prosjekt som kjem inn under fleire tiltaksklassar
Ved prosjekt som kjem inn under fleire tiltaksklassar vert gebyret utrekna etter tiltaksklasse for ansvarleg søkar.

§ 6 Mangelfulle søknader
Dersom søknaden openbart er mangelfull, betalast eit gebyr på kr 650,- for arbeid med innhenting av fullstendige opplysningar.

§ 7 Avslag
Ved vedtak på søknad/melding som medfører avslag betalast 50 % av fullt gebyr.
Ved vedtak som medfører avslag på søknad om ansvarsrett eller dispensasjon, betalast fullt gebyr.

§ 8 Tiltak som ikkje kjem til utføring
For tiltak der løyve er gjeve, men ikkje kjem til utføring vert 50 % av gebyret tilbakebetalt etter søknad.

§ 9 Ulovleg bygging
Ulovleg bygging vert belasta med dobbel sats av fullt gebyr etter reglane for søknadspliktige tiltak, også der tiltaket i utgangspunktet er meldepliktig. Gebyret skal også betalast der søknaden medfører avslag.

§ 10 Høve til å klage
Fastsetjing av gebyr i den enkelte saka kan ikkje påklagast. Rådmannen si avgjerd i søknad om reduksjon av gebyr kan påklagast etter reglane i forvaltningslova.

§ 11 Krav til private planframlegg og forslag om reguleringsendringar
Private planframlegg, herunder endringsframlegg, skal leverast i digital form på gjeldande SOSI-format

Gjeldande gebyrsatsar for søknadspliktige tiltak etter plan- og bygningslova:
For alle typar bygg betalast eit basisgebyr for kvar frittståande bygning inntil 300m² BRA