A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Sjølvbetjening

Bustønad

Bustøtte er ei behovsprøvd statleg støtteordning for dei som har lav inntekt og høge buutgifter. 

Hva er bustøtte?
Bustøtte er ei behovsprøvd statlig støtteordning for dei som har lav inntekt og høge buutgifter. 
Husbanken og kommunen samarbeidar om bustøtteordningen. Husbanken fatter vedtak, men det er kommunen som behandlar søknaden og har all kontakt med deg som søkjar. 

Kor er bustøttekontoret i kommunen?
NAV Årdal, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen. Tlf. 55553333

Sjekk om du kan få bustøtte (lenke til http://www.husbanken.no/bostotte/hvem-kan-fa-bostotte/ )
På Husbankens nettsider kan du sjå kven som kan få bustøtte, kva krav som gjelder for boligen og kva for inntektsgrenser som gjelder. Du kan også prøva bustøttekalkulatoren.

Søk bustøtte (lenke til http://www.husbanken.no/bostotte/slik-soker-du/
Søknadsfristen for bustøtte er den 25. kvar månad. Utbetaling skjer ca. den 20. i påfølgande månad. Viss du får innvilga bustøtte, blir søknaden din overført til neste månad. Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, blir søknaden din overført til neste månad automatisk.

Meld frå om endringar (lenke til http://www.husbanken.no/bostotte/meld-fra-om-endringer/ )
Du har plikt til å melda frå viss det er endringar i nokon av opplysningane du har gitt i søknaden. Sjekk alltid at det er brukt riktige opplysningar i vedtaket du får. 

Klage på vedtak om bustøtte (lenke til http://www.husbanken.no/bostotte/slik-klager-du-pa-bostotte/ )
Viss du meinar noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker etter du mottok vedtaket.   

Meir informasjon
Du finner meir informasjon om bustøtte på husbanken.no (lenke til http://www.husbanken.no/bostotte/). Du kan også henvenda deg til kommunen for å få hjelp og rettleiing. 

Regelverk
•    Lov om bustøtte (http://lovdata.no/dokument/NL/lov/2012-08-24-64)
•    Forskrift om bustøtte (http://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2012-11-29-1283?q=FOR-2013-12-12-1495)