A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Budsjett 2019

Vedtak i kommunestyret 20. desember 2018.

KST-091/18 Vedtak:
1. Driftsråmene vert vedtekne med netto utgift pr ansvar slik det kjem fram i budsjettskjema 1B driftsbudsjettet.
 
2. Investeringsbudsjettet for 2019 vert vedteke slik det kjem fram i invsteringsoversynet i saka. (Budsjettskjema 2A og 2B).
 
3. Skattemarginen: 
Marginen vert fastsett til 10 %. Forskotsskatt og forskotstrekk for 2019 på personlegeskatteytarar vert skrive ut etter høgste satsane som Stortinget har vedteke for inntekt og formue.
 
4. Kommunale avgifter, satsar og prisar:
Prisane vert endra frå 01.01.19, slik det går fram av prislista som ligg som vedlegg til denne saka.
 
Termininnbetaling på offentlege skattar og avgifter:
Kommunale avgifter (vatn,kloakk,renovasjon og feiing) og eigedomsskatt skal betalast i 4 terminar, med forfall: 15.februar, 15.mai, 15. august og 15. november. 
 
5. Husleigenivå: 
Husleigene i kommunale utleigebustadar vert justert frå 01.01.19.
 
6. Næringsfondet:
Det vert nytta kr. 6.092.000,- av næringsfondet til fylgjande overføringar:
 
Visit Sognefjord Kr    320.000,-
Sogn Regionråd Kr    472.000,-
Veterinærtenesta Kr.   100.000,-
Årdal Utvikling Kr. 5.200.000,-
 
Rentevilkåra på lån frå næringsfondet er 4,5%.
 
7. Eigedomsskatt:
a. Årdal kommune skriv ut eigedomsskatt med heimel i paragraf 3 a i lov om eigedomsskatt, dvs, alle faste eigedommar.
b. Skattesatsen er 7 promille av skattetakstgrunnlaget, jfr. eigedomsskattel.  §13
c. For eigendomsskatteåret 2019 skal det også skrivast  ut eigendomsskatt på eit «særskilt fastsett grunnlag» i medhald av overgangsregelen til eiendomsskatteloven §§ 3 og 4 første ledd. Det særskilte grunnlaget skal i 2019 være lik 6/7 av differansen mellom eiendomsskattegrunnlaget i 2018 og 2019 som er forårsaket av at produksjonsutstyr - og installasjoner ikkje skal reknast med i grunnlaget for verk og bruk som fra og med 2019 blir ansett som næringseiendom .»
d. For eiendomsskatteåret 201 9 skal det videre skrivast ut eigendomsskatt på bygninger og grunnareal for verk og bruk som fra og med 2019 blir ansett som næringseiendom , så langt disse var omfatta av eiendomsskattegrunnlaget for verk og bruk i 2018, jf. overgangsregelen til eiendomsska tteloven §§ 3 og 4 andre ledd.»
e. Eigedomsskatten skal betalast i 4 terminar med forfall: 15.februar, 15. mai, 15. august og 15. november.
f. Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar Årdal kommune tidlegare vedtekne skattevedtekter.
Bruk av overgangsbestemmelsen innebærer at kommunen innan utskrivingsfristen, dvs. 1. mars 2019, må ha fastsatt nye eiendomsskattegrunnlag for alle verk og bruk som blir næringseiendom for å kunne beregne det særskilte grunnlaget som skal trappes ned. Ved denne retakseringen skal takstgrunnlaget kun omfatte tomt, bygg og maskiner som tjener bygget eller eiendommen. I ti llegg skal taksten være fastsatt etter den nye verdsettelsesregelen i esktl. § § 8 A - 2 første ledd: «Verdet av eigedomen skal setjast til det beløp ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for unde r vanlege salstilhøve ved fritt sal. Verdet av næringseigedom skal setjast til teknisk verde når det ikkje er mogleg å fastsetje verdet etter regelen i første punktum.»
d. For eiendomsskatteåret 201 9 skal det videre skrivast ut eigendomsskatt på bygninger og grunnareal for verk og bruk som fra og med 2019 blir ansett som næringseiendom , så langt disse var omfatta av eiendomsskattegrunnlaget for verk og bruk i 2018, jf. overgangsregelen til eiendomsska tteloven §§ 3 og 4 andre ledd.»
e. Eigedomsskatten skal betalast i 4 terminar med forfall: 15.februar, 15. mai, 15. august og 15. november.
f. Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar Årdal kommune tidlegare vedtekne skattevedtekter.
 
8. Fritak for eigedomsskatt
 
Desse objekteigarane får fritak for eigedomsskatt for skatteåret 2019 (Jfr. § 7 c):
Farnes Skyttarlag, IL Jotun – Skisenteret i Fardalen, Farnes Ungdomslag, Årdal Sogelag, Seimsdalen Ungdomslag, Vikadalen Ungdomslag, Tangen Kjøre- og rideklubb, IL Jotun – klubbhuset, Indre Sogn ASVO a.s., Stiftinga Avdalen Gard, Knipenborg Skyttarlag, Norsk Folkehjelp avd. Årdal, ÅTIL-skihytta på Seimsåsen, Hugin Musikkforum, Årdal Båtforening, Stiftinga Utladalen Naturhus, Årdal Sportsskyttarlag.
 
9. Utbytte: Utbytte frå Årdal Energi vert fastsett til kr.11.000.000,- for 2019.
 
10. Årdal kyrkjelege fellesråd:
Overføringen til Årdal kyrkjelege fellesråd vert fastsett til kr. 5.000.000,- for 2019 i samsvar med budsjettinspel
 
11. Låneopptak:
Finansieringa av investeringane i 2019 i samsvar med investeringsbudsjettet,  vert dekka inn med låneopptak.  Endeleg budsjettskjema 2A (inkl. finansiering)og 2B vert utarbeida med grunnlag i økonomi og handlingsplanen
 
12. Eigenkapitalinnskot KLP/bruk av premiefond:
Eigenkapitalinnskotet til KLP på omlag kr. 2.000.000,- vert finansiert med bruk av ubunde kapitalfond. Ein eventuell rest på premiefondet skal nyttast til betaling av pensjonskostnadane i 2019. 
 
13. Årdal kommune sel eigedommen Storevegen 2 for kr. 1,8 mill. som vert avsett til ubunde kapitalfond.
 
14. Årdal kommune kjøper andel i Klyngjetunet burettslag for kr. 1,3 mill, finansiert ved bruk av ubunde kap.fond.
 
15. Rådmannen skal utarbeide ei sak om moderasjon av prisen på SFO og kulturskulen sine tilbod med same modell som ved moderasjon i barnehageplass.
 
16. Barnetrygda skal ikkje takast med i berekningsgrunnlaget for familien sin inntekt i dei tilfella familiar søkjer om sosial stønad.
 
17. Det skal utbarbeidast ein handlingsplan for å motverke sosiale ulikskap blant born og unge.
 
18. LO i Årdal får fritak frå eigedomsskatt for 2019.
 
19. Gratis skulemat til ungdomsskulen skal utgreiast våren 2019, med mål om oppstart hausten 2019.
 
20. Det skal innførast årskort i badeanlegga inne og ute. Prisen skal vere 3000,- for vaksne og 1500 for born mellom 7 og 18 år.
 
21. Heimesida til Årdal kommune må gjennomgåast og informasjonen må vere oppdatert og lett tilgjengeleg. Særleg planverk må vere lett tilgjengeleg. Ledige tomtar må marknadsførast betre.
 
22. Årdal kommune opprettar ei stilling som aktivitør på institusjonane i Årdal. Innhaldet i stillinga skal drøftast med Årdal Eldreråd og institusjonane. Stillinga skal vere 100%, men det vert anslått budsjettmessig årsverknad på 80%. Det vert sett av 440 000,- i budsjettet. Tiltaket vert finansiert ved å nytte 250 000 som er avsett til aktivitetskoordinator, 190 000 vert finansiert innan driftsramma for tenesteområde eldreomsorg.
 
23. Kommunestyre syner til søknad frå Stiftinga Utladalen Naturhus, datert 13.11.18 sendt til formannskapet. Kommunestyre imøtekjem søknaden om ei heilårsstilling knytt til utvikling og drift av Utladalen som reiselivsprodukt. Stiftinga vert tildelt 400 000,- fordelt på 2019 og 2020. Tiltaket vert finansiert ved bruk av fond til fisk, vilt og friluftsliv. Rådmann setje vilkår for tildeling.
 
24. Kommunestyre ber om at det vert vurdert å opprette ei stilling som kommunalsjef for oppvekst og kultur. Dette må sjåast i samanheng med tilsetjing av ny rådmann.
 
25. . Musikkterapitilbodet skal styrkast til 100%. Denne er delvis finansiert ved tilskot.
 
26. Kjøp av to EL-syklar med vogn til transport av vaksne til bruk i eldreomsorg. Kostnad om lag 200 000,- vert dekka inn ved bruk av klimafondet.
 
27. Klimaplan skal reviderast i 2019.
Tips ein ven Skriv ut