A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Bu og miljøtenesta treng miljøterapeutar/arbeidar

3 vikarat med moglegheit for fast tilsetjing.

Ledig stilling

Me har ledig
Grandane bufellesskap
1 x 95 % vikariat som miljøterapeut frå snarast til og med 31.08.20, med moglegheit for fast tilsetjing.

Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus. Tiltaka har turnusordningar med utvida arbeidstid f.t. 13 timars dagvakter og 11 timars nattevakter, med arbeid kvar 3. helg. Enkelte dagar jobbar ein normal arbeidstid på 7 timar.

FERIEAVLØYSARAR
I tillegg er der behov for ferievikarar i Grandane bufelleskap. Dette vert frå snarast og til 31.08.19. Søkjarar bør ha erfaring frå tilsvarande tenester tidlegare, vera over 18 år og ha førarkort. Søkjarar vil bli kontakta fortløpane i
søknadesperioden.

Avlastning
1 x 50 %vikariat som miljøterapeut frå snarast til og med 31.08.20, med moglegheit for fast tilsetjing.

Det er turnusarbeid med ei til kvar tid gjeldande turnus. I avlastningstiltaket er det for tida turnus med lange vakter i kombinasjon med medleverturnus.

Barneavlasting:
1 x 50% vikariat som miljøarbeidar frå snarast til og med 31.08.20, med moglegheit for fast tilsetjing.

Det er turnusarbeid med til ei kvar tid gjeldande turnus. Tiltaka har turnusordningar med utvida arbeidstid.


Arbeidsoppgåver
Grandane bufellesskap er eit forsterka bufellesskap med fleire bueiningar. Arbeidsoppgåver er dagleg omsorg og miljøterapeutisk arbeid i tenesta til den enkelte. Den som vert tilsett skal tilretteleggje og delta i bebuarane sine
aktivitetar, både arbeid og fritid/fysisk aktivitet.

Arbeidet består også av praktiske gjeremål i bustad og andre oppgåver delegert frå leiar.

I avlastningsbustaden skal teamet arbeide rundt eit barn med behov for tenester. Arbeidsoppgåvene er å gje omsorg i det daglege, grensesetje og aktivisere barnet når det er i avlastnig. I høve barnet sin alder er det viktig at dei som vert
tilsett er stabile vaksne som kan yte god omsorg.

I barneavlastningen i vert arbeidsoppgåvene dagleg omsorg i tenesta til den enkelte. Den som vert tilsett skal tilretteleggje og delta i bebuarane sine aktivitetar, både arbeid og fritid/fysisk aktivitet.

Arbeidet består også av praktiske gjeremål i bustad og andre oppgåver delegert frå leiar


Kvalifikasjonskrav
Høgskuleutdanning innan helse og sosialfag. Fortrinnsvis autorisert vernepleiar, men og andre med pedagogisk og relevant høgskuleutdanning kan søkje. Søkjarar som har erfaring med liknande arbeid, tvang og makt, samt erfaring
med utagering vil verte føretrekt.

Til stillinga som miljøarbeidar vert personar med relevant fagutdanning som barne - og omdomsarbeidar og/eller helsefagarbeidar føretrekt.

Dersom det ikkje er søkjarar med rett kvalifikasjon, kan andre med relevant utdanning og erfaring bli vurdert til stillingane. Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.


Personlege eigenskapar
- positiv, fleksibel, sjølvstendig, like å arbeide åleine og i team.
- god på kommunikasjon, også den utan ord.
- gode evner til å følge instruksar, prosedyrar og dokumentere desse.
- takle akutte situasjonar og skape ro i situasjonen.
- arbeide systematisk etter dagleg arbeidsplan.
- like å vere ute og vere i fysisk aktivitet.
- gode ferdigheitar i norsk, både skriftleg og munnleg.
-ha kjennskap til helse og omsorgstenestelova Kap 9
- ha evne og vilje til å samarbeide med pårørande og andre instansar
- ha sertifikat, og skal vere sjåfør for brukar (ikkje eit absoultt krav i alle avdelingane)
- engasjement for brukargruppa

Personlege eigenskapar vert vektlagt

Menn vert oppmoda om å søkje.


Lønn og tilsettingsvilkår
Løn etter utdanning og praksis i henhold til HTA.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Politiattest vil verte krevd.


Andre opplysningar
Det er ein fordel å ha jobba etter åtferds terapeutiske tilnærmingar.

Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.

Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.

Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Søknadsfrist 20.06.2019

Kontaktperson
Marita Opheim, Leiar for bu- og miljøtenesta, tlf: 99521531, marita.opheim@ardal.kommune.no
Line Hillestad, Avd.leiar, line.hillestad@ardal.kommune.no
Lone Fretheim Larsen, Avd.leiar, tlf: 48041142, lone.fretheim.larsen@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut