BRANNØVING

INSTRUKS FOR BRANNØVING.

Det skal haldast brannøvingar for alle klassar 2 - to - gonger om året, den eine øvinga snarast råd er etter at skuleåret har teke til.

Om mogeleg bør øvinga gjennomførast i samarbeid med brannvernet.

  1. VARSLING.

Øvinga vert varsla med eit særskilt signal, ringjeklokka ringjer støytvis utan stopp.

  1. UTMARSJERING.

Alle vindaugo vert latne att. Læraren stiller seg opp ved utgangsdøra frå klasserommet, og elevane stiller seg snøgt opp og marsjerar ut. Læraren ser etter at alle elevar kjem ut, og passar på at døra vert attlaten. Utmarsjen skal gå snøgt i tett rekkje, men ingen må spnnga.

Er næraste trapp eller dør ut til det fri,merkt som sperra (av røyk eller eld), vel læraren den beste alternative vegen å berga seg ut på.

Alle skal stilla opp klassevis på to rekkjer  på skuleplassen. Læraren tel elevane for å sikra at alle er komne ut, og gjev melding om korleis utmarsjen har gått, og det vert gjeve naudsynt kritikk og rettleiing. Det bør noterast kor lang tid utmarsjeringa tok.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS