A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

BOKUTKØYRING fredagar - HELD FRAM!

Vi held fram med bokutkøyring fredagar etter at vi opnar opp att.

Tilbodet gjeld dei som høyrer til ei risikogruppe, eller som har nær familie som høyrer til ei slik gruppe, eller som er i ein situasjon der ein ikkje kan nytte biblioteket som før grunna korona.

Du må ikkje dokumentere at du høyrer til ei slik gruppe,

Kontakt oss på:

Facebook: https://www.facebook.com/ardalbibliotek

E-post: bibliotek@ardal.kommune.no

Telefon: 46915647

Ynskja må vere oss i hende seinast torsdag.

Om vi ikkje har inne akkurat den boka du har lyst på, så kjem vi gjerne med forslag.

Her kan du søke etter bøker i katalogen vår.

HUGS:

Namn, korrekt gateadresse og telefonnummer.

Alle bøker som vert levert attende, no i koronatida, vert sett i karantene, slik at du kan vere trygg for at det ikkje er smitte på bøkene vi låner ut.