A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Bokbåten kjem til Naddvik fredag 7. mars

Epos vitja Naddvik under jubileumsturen i 2013.

Opplevinga var så fin at dei vil ta turen i år og.

Fredag 7. mars ligg båten ved kai frå:

17.30 - 19.30.

Reidar Kjelsen, forfattar og illustratør av barne- og ungdomsbøker, står for kulturprogrammet.

Han er ein av biblioteket sine favorittar.

Han bør opplevast.

Kulturprogrammet startar ca. 18.30, og egnar seg for alle frå ca. 4 år.

Alt du låner på bokbåten kan leverast inn att på biblioteket, tenestetorget på rådhuset, eller neste gong Epos kjem.

 

Velkommen!

Kjelsen

Illustrasjonen er frå Reidar Kjelsen si bok "Æsj".

Tips ein ven Skriv ut