A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Bok & Mat med Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth

Tysdag 20. november har me gleda av å invitera til Bok & Mat med Eva Røyrane & Oddleiv Apneseth. Dei er kjend for sine tidlegare utgjevingar "Norges låver" og "Av stein", som begge løftar fram kulturhistorie og mangfaldet i norske tradisjonar. No kjem dei for å fortella om si nyaste bok "Klyngetunet", og det må ein verkeleg få med seg!

Det vert moglegheiter for å kjøpa både drikke og ei varmande suppe med godt brød til, men maten må som vanleg tingast på førehand. Det kan gjerast på Tya Bakeri & Kafè eller på Årdal bibliotek, e-post bibliotek@ardal.kommune.no, sms 46 91 56 47.

Velkomen!