Bli støttekontakt og fritidskontakt

Er du ein person som har eit engasjement og interesse for andre menneske og har litt tid til overs? Da er dette kanskje noko for deg?

Bu- og miljøtenesta manglar no viktige støttespelarar til ulike menneske som barn, ungdom og vaksne med individuelle behov. Derfor trengst det også eit spekter av ulike menneske som ønskjer å bli støttekontakt, fritidskontakt og treningskontakt.

For å bli støttekontakt må du helst ha fylt 18 år. Du må vere pålitelig og trygg på deg sjølv. Av omsyn til den som treng støttekontakt, ønskjer me at du kan ta på deg oppdraget i minimum eit år. Det krevst ingen spesielle kvalifikasjonar av formell karakter, men du er ein person som møter den enkelte brukar ut i frå den sitt behov og ønskjer samt bidreg til personleg vekst.
Støttekontakten har teieplikt. Det er krav om politiattest for personar som utfører oppdrag for mindreårige eller utviklingshemma.
Støttekontakten skal sende inn jevnlege rapportar til kommunen og delta i evaluering av tenesta. Du vil få rettleiing og oppfølging etter behov.

Høyres dette spennande ut ta kontakt eller bruk elektronisk søknadsskjema

Tips ein ven Skriv ut