A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

BlåsGrønt på Målrock 2019

Blås Grønt aksjon

Sidan 2010 har Årdal ungdomsråd, i samarbeid med ÅTT, politiet og Stiftinga Målrock, hatt BlåsGrønt-aksjon i samband med Målrock. 

Tiltaket ”Blås grønt” er eit ledd i eit større program (Handlingsplan for folkehelse pkt 1) der eit av måla er å utvikle gode tiltak mot rus.

Ungdomsrådet vil oppmode ungdom til å halde seg edrue og ta del i aksjonen.

Dei håpar at ungdom ser og opplever at dei kan ha det gøy og vere ilag med andre utan at dei treng ty til alkohol. 
Nokon unge debuterer med alkohol denne kvelden og ungdomsrådet håpar at fleire kan velje å vere edrue og utsetje debuten av alkohol.

Vi tykkjer det er viktig å halde denne tradisjonen ved like og oppmuntre ungdommane til å vere rusfrie lengst mogeleg og gjerne gje nokon ei ”unnskulding” for å halde seg edru.

Flotte premiar, gjevne av næringslivet i Årdal!

Tips ein ven Skriv ut