A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Begge vassverka til kommunen er med vidare

På VA-konferansen 2015 i Loen vert det avgjort kven av vassverka som skal vidare til landsfinale. Både Øvre Årdal vassverk og Årdalstangen vassverk er med i den regionale semifinalen. 


Alle vassverk som leverer til meir enn 500 innbyggarar kan delta i konkurransen. Kvaliteten på drikkevatnet vert garantert av ofte prøvar, laboratoriekontrollar og vassverket sitt kvalitetssystem. Konkurransen har fokus på lukt og smak for å gjere forbrukarane merksame på dei gode kvalitetane som vatn frå kranen har, og kva forventningar ein skal ha til godt drikkevatn.

Vassverk med grunnvatn- og overflatevatnkjelde vert vurdert. Vinnaren av kvar klasse går til landsfinale i 2016.

Årdalstangen vassverk vart i 2003 kåra til Noregs beste drikkevatn frå grunnvasskjelde og Øvre Årdal vassverk det samme i 2008.

Tips ein ven Skriv ut