A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Tenesteskildring

Barnehage

Føremål med tenesta

Barnehagen er eit pedagogisk tilbod som skal gi gode høve til utvikling og aktivitet.

Kven får tenesta

  • Barn under skulepliktig alder, 0-6 år.
  • Barn som vert tildelt barnehageplass, har denne plassen inntil den vert sagt opp eller barnet tek til på skulen.
  • Når føresette har teke imot barnehageplass, har dei samstundes godkjend lover og vedtekter som gjeld barnehagen, kommunale retningsliner og planer knytt til barnehagen og til ei kvar tid gjeldande foreldrebetaling.

Korleis få tenesta

  • Søknad kan skrivast via heimesida til Årdal kommune http://www.ardal.kommune.no sendast elektronisk.
  • Søknadsskjema kan hentast på Helsestasjonane og Tenestetorget i Rådhus 1, biblioteket i Øvre Årdal og i barnehagane.
  • Søknaden skal sendast til Oppvekstområde Årdal, Postboks 40, 6881 Årdalstangen
  • Hovudopptak er med søknadsfrist 1. februar
  • Opptaket skjer etter gjeldane opptakskriteria fastsett i Vedtekter for Årdal kommunale barnehagar
  • Dersom ein ikkje har fått 1. eller 2. ønskje oppfylt kan ein krevje at dette vert grunngjeve skriftleg.

Kva omfattar tenesta

  • Heimen og barnehagen skal saman skape eit godt barnehagemiljø som sikrar barna individuell og gruppevis omsorg og utvikling. Barnehagen skal gje støtte, stimulering, rom for utfalding, læring, etisk rettleiing og estetisk utvikling, oppmode til toleranse og omsorg for andre.
  • Barnehagane tilbyr integrert læring innan 7 fagområde; "kommunikasjon, språk og tekst", "kropp, rørsle og helse", kunst, kultur og kreativitet", "natur, miljø og teknikk", "etikk, religion og filosofi", nærmiljø og samfunn", "tal, rom og form".
  • Brukarmedverknad gjev barn rett til å påverka eigen kvardag og dei skal ha høve til å ta del i planlegging og vurdering i samsvar med alder og modning.
  • Kommunen har ein kollektiv ulykkesforsikring som gjeld direkte på veg frå heimen og til barnehagen og omvendt, og under turar barnehagen arrangerer.
  • Oppvekstleiaren fastset kvart barnehageår ei barnehagerute
  • Barnehagane er stengt i 5 dagar kvart barnehageår som vert nytta til planlegging.
  • Alle barna skal ha minst 4 veker ferie i barnehageåret. 3 veker skal avviklast i perioden 1.juni – 15. august. Av desse skal minst 2 veker avviklast samanhengand

Kva kan eg forvente

  • Barn og føresett skal møte tilsette som syner interesse, engasjement for den einskilde og som gjev fysisk og psykisk omsorg
  • Barn og føresette skal møte tilsette som syner respekt, er anerkjennande, inkluderande og får dei til å føla tilhøyring til barnehagen
  • Barnehagane skal gi barna høve til å få vera med å vurdera og utvikla barnehagen
  • Føresette har rett på informasjon, rettleiing og samtalar gjeldande eige barn og forhold som rører ved barnet
  • Det vert halde foreldresamtalar, foreldremøte, møte i Samarbeidsutvalet og foreldrerådsmøte
  • Alle tilsette har teieplikt etter Lov om barnehagar og Forvaltningslova
  • Barnehagen har opplysningsplikt overfor sosialtenesta og barnevernet. Ved nytilsetjing skal den tilsette levere politiattest

Når ting ikkje fungerer

  • Dersom ein opplever at ein ikkje får den hjelpa ein treng, må ein fyrst kontakte pedagogisk leiar, eventuelt styrar
  • Dersom ein ikkje klarar å retta opp i forholda, kan ein kontakte oppvekstleiaren i kommunen. Ein kan og ta kontakt med ein representant i samarbeidsutvalet

Plikter til brukar

  • Gjera seg kjend med dei kommunale vedtektene og barnehagen sine planar, rutinar og skriftleg informasjon
  • Overhalda opningstida
  • Sjølv passe på at barna har føremålstenlege og merka klede
  • Halde barnet sin garderobeplass ryddig
  • Gje melding om fråvære/sjukdom
  • Gje melding dersom barnet kjem seinare enn vanleg
  • Ta kontakt med personalet ved henting og bringing
  • Gje barnehagen melding dersom andre enn føresette skal hente barnet
  • Betala for tilbodet til fastsett dato
  • Føresette pliktar å gje barnehagen naudsynt informasjon om tilhøve ved barnet si helse som tilsette må ta særleg omsyn til, jfr. Vedtekter for Årdal kommunale barnehagar

Klage

Ved hovudopptak kan søkjar klage på avslag på søknad om barnehageplass. Formannskapet er klageinstans. Klage vert å sende tenesteområda, seinast 3 veker etter at melding om vedtak er motteke.

Kontaktinformasjon