A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Barnehage og skulefritidsordning - frist 1. februar

Årdal kommune har ledige plassar i barnehage og skulefritidsordning i Øvre Årdal og på Årdalstangen.
Søknadsfrist 1. februar 2016.

Øvre Årdal 0 - 6 år
• Farnes barnehage
• Uravegen barnehage
• Haugane barnehage
• Ve barnehage

Årdalstangen 0 - 6 år
• Årdalstangen barnehage
• Einehaugen barnehage

Kven kan søkje?

- dei som ynskjer barnehageplass, og som ikkje har plass i dag.
- dei som ynskjer endring i det noverande barnehagetilbodet
- dei som går i 1.- 4. klasse som ynskjer plass i skulefritidsordninga.

Barn som har barnehageplass treng ikkje søkje, men i SFO må ein søkje kvart år. 

Rettleiing og hjelp til utfylling av søknadsskjema, kan ein få hjå styrarane i barnehagane, eller
hjå Solveig Hunshammer tlf. 57 66 48 09. 

Rettleiing og hjelp til utfylling av søknadsskjema til SFO, kan ein få hjå
* Ann Merete Sviggum, Tangen skule tlf. 57 66 5272 
* Hanne Britt Eldegard, Farnes skule tlf. 57 66 54 59

Søknadsskjema finn de på:
Heimesida til Årdal kommune som kan sendast elektronisk.
Papirversjon på helsestasjon, Tenestetorget, i barnehagane og skulane (SFO).

Søknaden skal sendast til:                  
Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen. Du kan òg levere søknad på papir i ein barnehage eller på tenestetorget.

Tips ein ven Skriv ut