A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Barnehagane opnar opp att måndag 20. april

Farnes barneahage1

Informasjon om barnehageopning.
Barnehagane opna som kjent opp att måndag 20. april kl 07.30 og vil vere opne til kl. 14.30. Opningstida vert redusert grunna smittevernsreglane som nasjonale styresmakter har utarbeida. 

Desse smittevernsreglane fører til at vi må disponere personalen på andre måtar enn vi tradisjonelt gjer. Ein konsekvens av dette gjer at det i særskilte høve kan vere aktuelt å be føresette hente barnet sitt dersom det vert mangel på personale på ei avdeling.

Nasjonale styresmakter har og vedteke ordinær foreldrebetaling frå veke 16. Det betyr at alle barn som ved ordinær drift skulle vore i barnehagen den veka vert fakturerte. Det same gjeld barn som av ulike årsaker ikkje kan vere i barnehagen.

Tilsynsordninga for barn med foreldre i samfunnskritiske funksjonar gjeld fortsatt. Vi ber om at foreldre som er omfatta av denne ordninga tek direkte kontakt med sin barnehage eller skule.