Koronavirus_231x165

Barnehagane og skulane går attende til ordinær opningstid 2.juni.

Regjeringa har letta på smittevernstiltaka og av den grunn går Årdal kommune attende til ordinær opningstid i barnehage og skule inkludert SFO frå og med tysdag 2.juni.

 

Lite smittespreiing gjer at det no er forsvarleg at heil avdeling i barnehagen og ein heil skuleklasse kan vere ein kohort. Dette gjer at det vert lettare å gjennomføre barnehage- og skulekvardagen, men den enkelte skule og barnhage må fortsatt ha godt smittevern. Sjølv om skulane og barnehagane går tilbake til ordinær opningstid vil ikkje situasjonen vere den same som før koronapandemien. Det vil difor vere nødvendig med lokale tilpassingar for den enkelte eining for at dagen skal vere tryggast mogeleg for barn, elevar, tilsette og føresette

I samband med Korona og ei tilnærma normalopning av skulane, vil Farnes skule tilpassa tilbodet etter desse køyrereglane:

Skule: 
Skuletilbodet (1.-10. klasse) held fram som no ut skuleåret 2019-2020.

SFO:
Frå og med 2. juni 2020 vil skulen ha normale opningstider i SFO-tilbodet.
SFO held ope frå kl. 06.45 til kl. 16.00 kvar dag. 
 
Gruppene på SFO blir gjort om/organisert etter denne modellen:
1. klasse blir på avdeling Kasper -  telefon 45879362
2. klasse blir på avdeling Jesper  -  telefon 99398369
3. klasse blir på avdeling Jonatan – telefon 95269311
Ring avdelinga ved henting eller ved andre beskjedar.
 
Av smittevernomsyn held vi fram med ordninga om at ingen føresette kjem inn i skulebygget. Ungane må leverast/hentast etter same mønster som no.
Det vert ikkje tilbod om leksehjelp i dei få vekene som står att av dette skuleåret.
 
Reinhald:
Reinhald treng tida før skulen startar til å reingjera klasseromma. Eingangsklutar med sitronlukt vert bytt ut med såpe og vatn.
 
Transport: 
Ingen endring av tilbodet. Bussavgangar som vanleg. Dei føresette oppmodast til å halde fram med same ordninga som vi har no. Føresette oppmodast til å køyre elevane til/frå skulen. Dei eldste elevane oppmodast til å sykle til/frå skulen.

Du kan lese meir den nye situasjonen her.

  
 
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS