A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Sjølvbetjening

Barne- og ungdomskontakt

Ungdomsklubbar

Ungdomsklubbane har biljard, bordtennis, musikkrom og eigen kjøkenavdeling der vi lagar god mat kvar kveld.

I tillegg kan du spele ulike spel på playstation på storskjerm, samt gitarhero og singstar. Vi har og eigen avdeling med internettkafê.

Det er gratis å låne pc i klubben, samt alle andre aktivitetar. Men du må vere medlem i fritidsklubben dersom du vil nytte deg av tilboda.

Medlemskort for klubbåret kostar kr. 100,- og du har da gratis inngang.

Vi følgjer skuleruta når det gjeld opningstider.

Motto:

  • EIN STAD Å VERE
  • EIN STAD Å LÆRE
  • Å HA NOKO Å GJERE

Ungdomsklubben Kjedlar`n held til i samfunnshuset i Øvre Årdal og er ein samlingsstad for ungdom i aldersgruppa 13 - 18 år. Aktiviteten i klubben er allsidig og vekslar mellom eigenaktivitet og gruppeaktivitet. Klubben har omlag 100 medlemmer. Klubben har eige styre, og det blir lagt stor vekt på at medlemmene har innverknad på innhald og drift.

Kontaktperson Telefonnr. Mobilnr. E-postadresse
 Gunnvor Haug Moen   97 53 12 47 gunnvor.haug.moen@ardal.kommune.no
Kontaktadresse   Postnr. Poststed
 Farnesvegen 3   6884 Øvre Årdal