A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Sjølvbetjening

Badeanlegg

Badebaseng Øvre ute
Friluftsbadet Øvre Årdal
Storeskliene bassenget Øvre Årdal
Friluftsbadet Øvre Årdal - skliene
Friluftsbad Årdalstangen
Friluftsbad Årdalstangen

Utandørs badeanlegg
Årdal kommune har 2 friluftsbad

Friluftsbada har alltid vore viktige for kommunen sine innbyggjarar og tilreisande. Årdal kommune har bl.a. vore arrangør av NM i symjing. Begge friluftsbada held ein temperatur å ca. 28 grader, og er oppvarma med spillvarme frå Hydro Aluminium as, og er opne heile sommaren.

  • Øvre Årdal: I Øvre Årdal er det lagt til rette med eit 50 x 25-meters basseng,samt 2 mindre plaskebasseng for born. Anlegget inneheld også 2 sklier, kiosk, garderobeanlegg og større grøntareale for leikeaktivitetar. Anlegget ligg i sentrum av Øvre Årdal i tilknyting til idretts – og folkeparken. Vatnet kjem frå Hydro Aluminium, og er oppvarma til om lag 28 grader. Rundt bassenga er det eit stort grøntanlegg, og anlegget ligg i tilknytning til idrettsparken med gode parkeringsmoglegheiter

  • Årdalstangen: Anlegget på Årdalstangen inneheld eit 25 meters basseng m/stupetårn og 2 mindre plaskebasseng for born, garderobeanlegg og med nærleik til kiosk/butikk. Anlegget ligg i sentrum av Årdalstangen i eit område med grøntareale

Innandørs badeanlegg
Symjeanlegget i Årdalshallen

Symjeanlegget er ein del av av idrettsparken i Øvre Årdal og inneheld eit 25 meters basseng med 3 stupetårn, badstove og oppvarma vatn med 28 grader.

Andre symjeanlegg
Årdal kommune har 2 andre symjeanlegg

  • eit 12 meters basseng ved Tangen skule

  • eit oppvarma terapibasseng til særskilte brukarar ved Årdal sjukeheim