A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy
Heim/Tenester/Tenesteskildring

Avlastning for funksjonshemma

Det er er ei teneste som vert gitt til familiar og personar som har ei særleg tyngande omsorgsoppgåve. Formålet med tenesta er å gje omsorgspersonane naudsynt kvile, ferie og fritid. Avlastninga skal i størst grad organiserast slik familien ynskjer det. Det kan skje hjå privat avlastar eller i avlastningsbustad.

Kven får tenesta 

Familiar som har barn med funksjonshemming kan søke om tenesta.

Korleis få tenesta 

Ein søkjer på kommunen sitt søknadsskjema. Dette kan ein få på tenestetorget eller hjå sakshandsamar. Ein kan også finne søknadsskjema på kommunen si nettside.

Kva omfattar tenesta 

Den som vert innvilga avlastning får eit vedtak med tildelte døgn pr. månad. Dette kan vere lagt til helg/kvardagar. Ein kan også få avlastning på kveldstid/natt alt etter kva som er behov og kva vurdering som er gjort frå kommunen. Avlastninga kan organiserast gjennom private familiar eller ein kan verte tilbydd avlastning i avlastningsbustad i kommunen.

Forpliktingar for brukar 

Oppgi alle personopplysningar samt syte for at opplysningane som vert gitt er korrekte. Når barn skal i avlastning er det særs viktig at foreldre bidreg med opplæring av dei som skal vere med barnet. Foreldre har også eit medisinansvar for barn som nyttar medisin samt eit ansvar for at barnet har med seg naudsynte ting til avlastninga som klede og liknande.

Kva kan eg forvente av dei tilsette

At du vert møtt på ein respektfull og høfleg måte

  • At du får forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast.
  • At sakshandsaminga skjer på ein korrekt måte jfr. Forvaltningsloven

Pris/kostnad/tilskotsordningar 

Tenesta er vederlagsfri.

Heimelsgrunnlag for tenesta 

Lov om sosiale tenester §4-2, bokstav b

Når ting ikkje fungerer 

Leiar for tenester for funksjonshemma er ansvarleg for tenesta.

Klage

  • Finn du grunn til å klage på vedtaket som er gjort, ta kontakt med sakshandsamar som kan hjelpe deg vidare i prosessen
  • Klagen må vera skriftleg og skal innehalde grunngjeving for klage. Den må sendast spesialomsorg innan fristen på klage som er tre veker
  • Dersom du ynskjer det kan du få hjelp frå sakshandsamar til å skrive klagen
  • Dersom spesialomsorg ikkje finn grunn til å endre på vedtaket går klagen til behandling i formannskapet i Årdal kommune. Viss dei ikkje endrar på vedtaket går det til fylkesmannen i Sogn og Fjordane for endeleg avgjerd

Brosjyrar, anna/meir informasjon 

Ein kan ta kontakt med sakshandsamar dersom ein har fleire spørsmål ang. tenesta

Praktiske opplysningar 

Søknad skal sendast til Årdal kommune, Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen
E-post: postmottak@ardal.kommune.no