Avdelingssjukepleiar - 100% vikariat

Ledig stilling

Me har ledig 100% vikariat som avdelingssjukepleiar i tida 15.04.17 - 15.04.18.
Arbeidsstad er for tida Årdalstangen, med ansvar for heimesjukepleien Årdalstangen / Årdal sjukeheim 1.etg. + 
aktivitetssenter for demente heimebuande.

Dersom det vert intern tilsetjing, kan det bli ledig andre sjukepleiarstillingar. Skriv i søknaden om du eventuelt vil 
vurderast.

Søknadsfrist: 20.02.17

Arbeidsoppgåver
Avdelingsleiar er den raude tråden i drifts-  og pasientoppfølging, og har det daglege ansvaret i avdelingane. Bl.a. 
planlegging av turnusar, ansvar for å følgje opp planlagt budsjett, personalansvar.

Kvalifikasjonskrav
Sjukepleiar med formal og/eller realkompetanse som leiar. Realkompetanse frå heimesjukepleie er å foretrekke.
Søkjar må ha god somatisk diagnosekompetanse og like å arbeide med sjukepleiefaglege prosedyrar. Må vere god på 
struktur og må like arbeid som høyrer med i alle 3 fagfelta.
Det er ein fordel om ein er kjend med heimesjukepleie som fagfelt. Søkjar må ha gode mellommenneskelege 
eigenskapar, og like å arbeide i eit travelt miljø. Må vere fleksibel, og ha evne til å skaffe seg rask oversikt over ei stor 
pasientgruppe.
Må ha gode datakunnskapar og like å arbeide med data, då avdelingsleiar arbeider i 4 ulike datasystemer.

Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Løn og tilsettingsvilkår
Stillinga er løna etter stillingskode 7021 med for tida lønsplassering kr. 540.672,- pr. år i 100% stilling.
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
Politiattest vil bli krevd for nytilsette.
Må ha førarkort.
Må beherske norsk både munnleg og skriftleg.

Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta 
kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.

Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda 
om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.

Søknadsfrist    20.02.2017    Utlyst dato    03.02.2017    


Kontaktperson
Hilda Nese, Leiar for institusjonar, tlf: 94815663, mobil: 94815663, hne@ardal.kommune.no

Tips ein ven Skriv ut