A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

Alvorleg avvik på postlista til kommunen

Det er i dag avdekka eit avvik i Årdal kommune sin offentlege postjournal som omfattar personsensitive opplysningar om fleire personar. Straks me vart varsla av Fylkesmannen om dette, vart dokumenta sletta frå kommunen si offentlege postliste. 

Kommunen vart i dag gjort kjent med at konfidensielle personopplysningar, som er oversendt Fylkesmannen i samband med eit varsla tilsyn, har vore tilgjengeleg på kommunen sin offentlege postjournal. Administrasjonen vart varsla om dette i dag tidleg av Fylkesmannen etter at han var kontakta av ein journalist i Sogn Avis. Truleg kjem saka i laurdagsutgåva av avisa i morgon 20. februar, men utan personopplysningar. 

Årdal kommune vurderer dette som eit alvorleg avvik og me gjennomgår no våre rutinar for å finne årsaka til hendinga for å hindre at liknande skal skje i framtida.

Det er sendt brev til alle som er berørt av avviket, både brukarane av kommunale tenester og til verjene dersom dei har det. Kommunen har forsøkt å informere og orsake per telefon, men grunna dagens problem i mobilnettet har det ikkje lukkast å nå fram til alle. For dei brukarane som bur i bufellesskap er personalet informert om saka og bedt om å informere vidare.

Tips ein ven Skriv ut