Vurderer sal av Rådhus II, Årdalstangen

Årdal kommune vurderer sal av Rådhus II på Årdalstangen. Bygningen er oppført i 1972 og har eit bruttoareal på 1920 kvm fordelt på 3 etasjar og kjellar. Eigedommen inneheld i dag bustader, kontor, næringslokale og har heis til alle etasjar.

Ny takst for eigedommen ligg føre. (PDF, 896 kB)
Det vert visning av eigedommen 15. desember. 

Er du interessert i å kjøpa og utvikla denne eigedommen i sentrum på Årdalstangen, kan du kontakta:
Hans Jørgen Røneid på telefon 95 74 75 04
innan  1. desember 2021. 

Finn-annonsen
 

Til toppen