Viktig informasjon om koronaviruset

Vinterferie, reiser og korona

Årdal kommune opprettheld tilråding om frivillig sjølvpålagt karantene om du kjem frå områder med høgt smittepress. Regjeringa har no fjerna ringkommuneregistreringa og i samband med dette er du sjølv ansvarleg for å undersøkje forholda i den kommunen du reiser til.

Kommunen tilrår og at du testar deg på dag 3 og 7 dersom du har vore i område med høgt smittepress.

Hald deg heime om du blir sjuk, og test deg viss du får symptom. Ver førebudd på å endre planane dersom det vert lokale utbrot der du oppheld deg eller der du skal reise.

Dei nasjonale reglane som gjeld for besøk heime, gjeld og dersom du oppheld deg på hytta. Les meir om dette på Folkehelseinstituttet sine sider. Handle i eigen kommune før avreise eller handle på tidspunkt med lite kundar der du er. Mange kommunar har innført påbod om bruk av munnbind og lignande - set deg inn i reglane som gjeld for den kommunen du reiser til.

Skal du bu på hotell, så hald avstand og følg smittevernreglane. Ver førebudd på at du kan komme i karantene viss det blir utbrot av smitte på hotellet.

Hugs at det er ekstra viktig å følgje smittevernråda når du er på reise, sidan du er i kontakt med fleire miljø enn elles.

Som innbyggar er du sjølv ansvarleg for å oppdatere deg om smitteforholda i den kommunen du skal reise og opphalde deg i, og å ta forholdsreglar som tilrådd/pålagt.

Les også: regjeringen sine nasjonale råd for vinterferien

Årdal kommune oppmodar alle om å laste ned smittevernappen

Til toppen