Viktig informasjon om koronaviruset

Kommunal informasjon om korona.  Information about corona in other languages.

Koronatelefon 901 11 630 - open måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00 (stengt i helgi)
Vaksinetelefon 989 06 097 - open i legekontoret si opningstid.

            Informasjonsmeldingar 

Vaksinering av dose 3

Måndag 13. desember varsla Regjeringa nye nasjonale tiltak og presiserer at det er viktig med vaksinering mot covid-19. Det er og varsla at alle over 45 år skal ha fått tilbod om tredje dose innan midten av januar 2022.

Årdal kommune har kalla inn grupper til vaksinering over 65 år no i desember og tidleg januar. Det er stor pågang med spørsmål om vaksinering frå fleire aldersgrupper og det vert vurdert kva tiltak det er mogleg å få til før nyttår.

Du som skal få tredje dose vaksine, vil bli kalla inn når det er din tur.

Koronasmitten aukar kraftig over heile landet, og strengare nasjonale smitteverntiltak er for å ikkje overbelasta helse- og omsorgstenesta, samt beskytta kritiske samfunnsfunksjonar. 
Dei forskriftsfesta tiltaka trer i kraft frå natt til onsdag 15. desember. Tiltaka gjeld inntil vidare i fire veker.

Årdal kommune følgjer nasjonale råd og tiltak. Kommuneleiinga vil i løpet av tysdag gjere vurdering av kva dette vil bety for dei kommunale tenestene våre.

Strengare nasjonale tiltak for å avgrense smitten frå 15. desember 

Til toppen