Viktig informasjon om koronaviruset

Kommunal informasjon om korona. Information about corona in other languages.

- Vaksinetelefon 989 06 097 open måndag til fredag 08:00 - 12:00 og 13:00 - 14:30
- Bestille time for test 57 66 53 90 (testing måndag, onsdag og fredag kl. 13.00 kvar veke)
- Koronatelefon 901 11 630 (ope måndag til fredag kl. 08.00 - 15.00)

            Informasjonsmeldingar Status vaksinering i Årdal

Utenlandsstudentar vert prioritert for koronavaksinering

FHI har gitt kommunane oppdrag med å fullvaksinere utanlandsstudentar før de reiser ut igjen til studiestadane til hausten. De vert difor prioritert i vaksinekøen.

Tilbodet gjeld alle som no er heime på ferie mellom to semester og alle som skal begynne på eit universitet i utlandet til hausten.

Det betyr at alle studentar med folkeregistrert adresse i Årdal, og som studerer i utlandet er prioritert til å få koronavaksine.

Kjem du heim no til sommaren, og ikkje allereie er kontakta av legekontoret for avtale om vaksine, så ber me deg ta kontakt direkte på telefon 57 66 53 90.

Du treng ikkje ta kontakt viss du allereie er fullvaksinert på studiestaden.

Til toppen