Viktig informasjon om koronaviruset

Ute av isolasjon

To av personane som har vore smitta får no gå ut av isolasjon. Dette er i samråd med FHI.

Fredag 5. mars fekk Årdal kommune stadfesta ei positiv prøve, som seinare viste seg å vere ein brasiliansk mutant av covid-19 viruset. Det kom seinare to positive prøver knytt til nærkontaktar av den først smitta personen. 

Dei to personane som testa positivt fyrst, er no ute av isolasjon. Den tredje personen som testa positivt er fortsatt i isolasjon. 

Årdal kommune har rådført seg med FHI om desse tilfella, og det er i samråd med dei at lengda på isolasjonstida er sett.

Til toppen