48000 tusen born og unge i Vestland deltok i ungdataundersøkinga som vart gjennomført tidlegare i år. Nytt i år er juniorundersøkinga, der 5. – 7. klasse deltek.
Den 8. september hadde Årdal besøk av KoRus Bergen, ved Reidar Dale som presenterte Ungdata tala for oss.
Eskil og Michal er representantar frå ungdomsrådet i Årdal. Her i lag med rektor på Årdal vidaregåande, Geir Kjetil ØvstetunI tillegg til ei rekkje kommunale instansar, den vidaregåande skulen, lag og organisasjonar her representert med begge idrettslaga i kommunen, deltok 6 ungdommar i samlinga. «Der ungdom blir diskutert, skal ungdom vere med å diskutera!» . Ungdommane representerer elevråda og ungdomsrådet.
I tillegg til å få framlagt talmateriale arbeidde vi i grupper som var breitt samansett av ungdommar, lag, skule og ulike hjelpeinstansar. Vi drøfta følgjande utfordring:
- «Kva tema/område ønskjer du at det skal bli satsa ekstra på framover for barn og unge i Årdal? Forslag til korleis denne satsinga kan utøvast og kven som bør vera involvert i satsinga?
I gruppedrøftingane var det stort engasjement. Forslaga var mange og drøftingane var innhaldsrike. Dei tiltaka som fungerer godt skal forsterkast. Vi skal arbeide vidare for å sikre gode tiltak på alle dei sentrale områda.
Barn og unge i Årdal 2021 (PDF, 122 kB)
Takk til alle som bidrog til at dette vart ei interessant og god samling- særleg takk til dei flotte ungdommane som var med og engasjerte seg.
Silje Berge
- ungdata koordinator i Årdal kommune-