Søknadsfrist for barnehage og SFO hausten 2023 er 1. februar

Tilskot til kommunal veterinærteneste

Lærdal kommune lyser med dette ut Stimuleringstilskot til veterinærdekning for 2023.

Bileter frå gardsdrifta til Asperheim gard, Seimsdalen - Klikk for stort bilete Stine Gruben Breivik

Føremålet med stimuleringstilskotet er å medverke til å sikre tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake område.

Lærdal kommune forvaltar veterinærvakta for Årdal, Lærdal og Aurland. Det vert for 2023 sett krav om deltaking i klinisk veterinærvakt i denne vaktordninga for å kunne motta stimuleringstilskot.

Informasjon om tilskotsordninga finn du på Landbruksdirektoratet si heimeside

Søknad om stimuleringstilskot skal sendast til:

Lærdal kommune
Øyraplassen 7
6887 Lærdal

Eller på epost til post@laerdal.kommune.no

Søkandsfrist er 3. februar 2023

Til toppen