Tilskot til inkludering av barn og unge - utlysing for 2022

Søknadsfrist 17. desember 2021.

I regjeringen sitt framlegg til statsbudsjett for 2022 er det sett av midlar til den nye, samanslåtte tilskotsordningen "Tilskudd til inkludering av barn og unge".

Ordningen omfattar det som tidlegare var tilskotsordningane «Nasjonal tilskuddsordning for å inkludere barn og unge», «Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn» og «Støtte til oppfølgings- og losfunksjoner for ungdom».

Bufdir lyser no ut midlane med atterhald om Stortinget sitt endelege budsjettvedtak. Løyvinga vil først bli avklart etter at Stortinget har vedteke statsbudsjettet for 2022. Oppretting av ny og sammenslått tilskotsordning vil også gå fram i budsjettvedtaket. 

Kven kan søkje

  • Tilskot kan tildelast offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar.
  • Enkeltpersonføretak eller privatpersonar kan ikkje søke. 
  • Bydelane i Oslo er sidestilt med kommunar. 

For at frivillige organisasjonar, private aktørar eller offentlege instansar skal kunne søke om tilskot frå denne ordningen, må kommunen ha meldt seg på ordningen. Frist for dette var 29. oktober 2021. Årdal kommune har meldt seg på og det er difor mogleg for lokale aktører å søkjej.

Kommunar som har meldt seg på ordningen vert omtala i forskriften som ein «deltakende kommune» og skal gjere tilskotsordningen offentleg kjent i god tid før Bufdir sin søknadsfrist. 

Les meir om ordningen, korleis og kva du kan søkje om tilskot til.

Kontaktperson i Årdal kommune er Silje Berge, silje.berge@ardal.kommune.no

Har du spørsmål?

Silje Berge
Sakshandsamar NAV - Rustenesta
E-post
Telefon 412 86 664
Til toppen