Status vaksinering i Årdal

Helsetenesta har måndag 27. desember sett 342 vaksinedoser og Årdal er no ferdige med dei som er over 65 år. Dette var siste dag med vaksinering i 2021.

Dei i risikogrupper, lærarar og barnehagepersonale vert no kalla inn. Innkallinga blir i same rekkefølge som dose 2, fordi det skal gå 20 veker mellom dose 2 og dose 3. 

Det vert kalla inn til vaksinering 6. og 7. januar, og då er me komne så langt me kan i høve 20 vekersintervallet.

Status vaksinedoser per 27. desember for Årdal er:

dose 1: 4262 personar
dose 2: 3951 personar
dose 3: 1758 personar
dose 4: 1 person

Til toppen