Status smitte i Årdal er 56 personar

Det er i løpet av helgi og i samband med testinga på skulane i Årdal måndag 13. desember, dukka opp fleire nye tilfeller av covid 19. Sidan smitteutbrotet starta er det no 56 tilfeller. Smitten er i all hovudsak knytt til Farnes skule.

Det blir gjennomført ny massetesting på begge skulane, neste gong onsdag den 15. desember. 

Skuleleiinga i Årdal kommune har bestemt at 8. - 10. klasse på Farnes skule skal ha digital heimeundervisning ut denne veka. Ny vurdering blir gjort fredag 17. desember. 

Forestillinga Hakkebakkeskogen blir utsett til neste år og øvingar planlagt før jul blir avlyst.

Per i dag er reglane slik at ein har større fridom enn me hadde ved utbrotet i sommar. Til fleire kontaktpunkt ein har til større er faren for å få og å spreie smitte. Årdal kommune oppmodar såleis innbyggjarane om å avgrense tal på nærkontaktar framover. 

Til toppen