Status i Årdal etter nedbør og flaum

Været har roa seg og vassføring i elvar og bekkar er på veg ned. Etter synfaringsrunde i dag, laurdag 12. november, er førebels status:

Oppdatert status 18.11.22, kl. 08:00

  • Bru i Ålmennhagen/Øyni på FV5631 er open
  • Gang- og sykkelveg ved Bøskreda i Utladalen, vert opna 18.11.22, kl. 15:00
  • Gangbru i Bukti er opna
  • Vesvegen (gamle vegen) er opna
  • Seimsdal bru på Fv 5633 er det sett opp nokon sperrebukkar. Det er avdekka skade i elveløp som må utbetrast. Bru er open. 
  • Tursti til Loi på Årdalstangen er delvis under vatn.
  • Dalsuri bru er opna
  • i Ofredal har elva roa seg og det er avdekka noko skade på rekkverk.
Til toppen