Viktig informasjon om koronaviruset

Smitteutbrot på Vestlandet

Det er i dag, 7. februar, oppretta strenge restriksjonar i fleire kommunar i Vestland fylke med Bergen, Kvam og Ulvik definert som ring 1 - og med ti omkringliggande kommunar som ring 2.

Sjå oversikt på på regjeringen.no https://www.regjeringen.no/.../bergensutbrudde.../id2831984/

Årdal kommune oppmodar og vidarefører samme råd som me har hatt i samband med utbrotet på Austlandet.

Det betyr at har du vore i eller kjem frå områda rundt Bergen, definert som ring 1 og ring 2 kommunar - så ber me om at du går i sjølvpålagt karantene i 10 dagar. Du bør og teste deg på dag 3 og 7. Dette gjeld og viss du har vore andre stader i landet som opplever høgt smittepress.

Unngå all reise som ikkje er heilt nødvendig. Timeavtalar på sjukehus, lege, tannlege med meir er definert som ei nødvendig reise, men no er det ikkje tida for å reise på handletur.

Aller helst ynskjer me at du ikkje reiser til område med smitteutbrot, samstundes oppmodar me om at personar frå desse områda unngår å besøke Årdal i denne tida.

Som innbyggar er du sjølv ansvarleg for å oppdatere deg om smitteforholda i den kommunen du skal reise og opphalde deg i, og å ta forholdsreglar som tilrådd/pålagt. 

Til toppen