Smittestatus fredag 18. mars

Det er innrapportert 284 smitta personar i registreringssystemet til kommunen for perioden 11. - 18. mars.

Sidan veke 5 er det registrert 1170 personar som har testa positivt på sjølvtest. Kommunelegen melder at smitten er i ferd med å flate ut og avta.

Treng du hurtigtest så er det tilgjengeleg for henting på ulike utleveringspunkt i kommunen. 

Her kan du hente hurtigtest:

  • legekontoret i Øvre Årdal (måndag - fredag)
  • Tenestetorget på rådhuset (måndag - fredag)
  • laurdag og søndag kan du hente på Årdal sjukeheim eller ÅBO

Minner om at viss du får positivt testresultat registrerer dette i kommunen sitt system. Du kan og registrere på vegne av andre.

Registrere positiv hurtigtest

Til toppen