Sjølvregistrering av positiv hurtigtest

Årdal kommune har starta opp med elektronisk registrering av positive hurtigtestar. Dette er i tråd med nye nasjonale retningslinjer. 

 

Me ynskjer no at alle som har fått positiv hurtigtest/heimetest på korona, registrerer resultatet sjølv på kommunen sitt smittesporingssystem ReMin.
Du må ha norsk personnummer og bank-ID for å registrere hurtigtest. Du kan og registrere på vegne av andre. Da må du registrere med den andre sitt personnummer.

Dei som ikkje har norsk personnummer/D-nummer med bankID skal ringe lokal koronatelefon 901 11 630 for å melde inn positiv hurtigtest. Telefonen er open måndag til fredag frå kl. 08.00 - 15.00.

Her kan du registrere din positive hurtigtest

Registrer og varsle nærkontakter

Du skal og registrere dine nærkontaktar.

Det er:

  • Husstandsmedlemer
  • Andre tilsvarande nære (t.d. kjærest, god venn, overnattingsbesøk)
  • Andre du har vore nærare enn 2 meter i meir en 15 minutt utan beskyttelse.

Når du er ferdig med registreringa får du ein SMS med stadfesting og link til regelverket.

Stadfesting av PCR test er ikkje naudsynt for alle

Dersom du har fått vaksinedose 3, eller har fått 2 doser og har gjennomgått korona siste tre månader treng du ikkje lenger ta PCR- test viss hurtigtesten er positiv. Du må berre registrere den i lenkja over.
Ein positiv hurtigtest vert no rekna som sikker positiv, det betyr at du har blitt smitta av korona.
Du må følgje regler for isolasjon som til einkvar tid er gjeldande.  

Dersom du har to vaksinedoser eller mindre må du bestille ein PCR- test. Du må likevel registrere hurtigtesten i ReMin og regler for isolasjon gjeld. Ta kontakt med legekontoret på telefon 57 66 53 90 for å avtale tid til PCR-test.

Test deg ved symptom og hald deg heime ved luftvegsinfeksjon.

Karantenesjekken gir deg informasjon om kva som gjeld for nærkontaktar.

Til toppen