Viktig informasjon om koronaviruset

Opphever midlertidig forbod mot ferdsel på isen

Kommuneleiinga har i dag, i samråd med lokalt politi, valgt å oppheve det midlertidige forbodet mot ferdsel på isen på Årdalsvatnet. 

Me ser at fleire av punkta, som var bakgrunn for avgjersla, ikkje lengre er aktuell. Nesten heile Årdalsvatnet er no islagt. Det kan likevel vere stor variasjon på isforholda og i tida framover er det meldt mildare vær og vind. 

Uansett kvar du tenkjer å ferdast på islagt vatn i Årdal, vil me oppmode deg om å ha med nødvendig sikringsutstyr. Det kan i tillegg vere lurt å ha med eit turt klesbyte.

Ver varsam! All ferdsel på isen er på eige ansvar. 

Isskolen til Varsom kan vere nyttig.
 

Til toppen